Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 28.06.2017

Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert for å verne naturmiljøet og fremje trivnad. Motorferdsel til t.d. redningsteneste, jord- og skogbruksnæring eller køyring til faste bustader er det ikkje nødvendig å søkje om, men du må få løyve frå kommunen for annan type motorferdsel. Du vil ikkje få løyve til rein turkøyring.

Du må alltid ha med køyreløyve når du ferdast i utmark.

Målgruppe

Personar som har behov for å bruke motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag.

Vilkår

Vilkåra for motorferdsel i utmark og vassdrag går fram av motorferdsellova med forskrift.

For bruk av snøscooter må du søkje dersom:

  • du er fastbuande og vil ta på deg betalt køyreoppdrag (køyring mellom bilveg og hytte, køyring av funksjonshemma, transport av ved m.m.) – § 5 a) i forskrifta
  • du er funksjonshemma (legeattest må leggjast ved) – § 5 b) i forskrifta
  • du eig hytte som ligg minst 2,5 km frå bilveg og vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte – § 5 c) i forskrifta
  • du er fastbuande og driv næring som ikkje er tradisjonell jord- eller skogbruksverksemd – § 5 d) i forskrifta
  • du skal transportere ved – § 5 e) i forskrifta
  • du skal arrangere gruppeturar for bebuarar på institusjon, pensjonistar eller forflyttingshemma – § 5 f) i forskrifta
  • du skal ha utkøyring og tilsyn med jervebåsar eller skal køyre ut åte og åtebuer i samanheng med felling av jerv - § 5b. i forskrifta

Kommunen kan ha oppretta ei lokal forskrift som fastset løyper for lovleg køyring med snøscooter – § 4 a i lova.

For bruk av andre køyretøy må du søkje dersom:

  • du driv næring og skal transportere materiell og utstyr – § 5a i forskrifta. Verksemda må vere registrert i Einingsregisteret.

Har du behov som ikkje er dekte av punkta over, kan kommunen likevel gi løyve dersom du har ein god grunn – § 6 i forskrifta.

For bruk av motorfartøy (båt, vasscooter ol.) og luftfartøy må du søkje dersom:

  • du har behov som ikkje er dekte av generelle retningslinjer (§ 4 i lova) og ev. lokal forskrift (§ 5 i lova). I søknaden må du gjere greie for bakgrunnen for behovet og kva tidsrom du søkjer for. Du må sende med dokumentasjon. Sjå § 6 i lova.

Lover

Motorferdsellova § 4 a (forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag)

Forskrift for motorkøyretøy i utmark etc., sjå spesielt:

  • § 2 (motorferdsel på bar mark)
  • § 3 (motorferdsel på vinterføre)
  • § 4 (unntak for Finnmark og Troms)
  • § 5 (bruk av snøscooter)
  • § 6 (unntakstilfelle)

Havne- og farvatnlova § 14 (Bruk av farvatn)

Småbåtlova § 40 (Bruk av vasscooterar og liknande mindre fartøy)

Naturmangfaldlova

Friluftslova

Rettleiing

Søknad om dispensasjon frå det generelle køyreforbodet må vere skriftleg. Behovet ditt må vere dokumentert og søknaden må innehalde alle opplysningar som kommunen treng for å avgjere saka.

Vedlegg som skal følgje søknaden:

  • Legeattest dersom du er funksjonshemma
  • Dokumentasjon av eigarforhold dersom søknaden gjeld transport til hytte
  • Kart som viser køyretraseen
  • Dokumentasjon ved behov som ikkje er dekte av generelle retningslinjer

Du treng ikkje søkje om å køyre snøscooter dersom kommunen har fastsett lokal forskrift som opnar for ferdsel i det området du ønskjer å køyre i.

Søknadsfrist

Det er viktig at du søkjer i god tid, elles kan du risikere at kommunen ikkje rekk å behandle søknaden før du ønskjer å køyre.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg og vil vurdere transportbehovet opp mot mogelege skader og ulemper.

Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du kan òg klage på plassering av løypene, dersom kommunen fastset eigne snøscooterløyper i lokal forskrift.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss