Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Mindre tiltak

Beskrivelse

Desse tiltaka treng ikkje søknad til kommunen:

Oppføring

  • Frittliggjande, mindre uthus på utbygd eigedom som du ikkje skal bruke til å bu i. Mønehøgda kan vere inntil 3,0 m og gesimshøgda inntil 2,5 m. Korkje samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) kan vere over 15 m2. Avstanden til annan bygning på eigedomen skal ikkje vere mindre enn 1,0 m. Avstanden til nabogrensa skal vere minst 4 meter.

Endring

  • Ikkje-berande vegg innanfor ei branncelle eller eit lydområde.
  • Reinstallering og reparasjon av eldstad.

Utandørs

  • Levegg (skjermvegg) med ei høgd på inntil 1,8 m og lengde inntil 10,0 m. Veggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning.
  • Innhegning mot veg med ei høgd på inntil 1,5 m. Innhegninga må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg.
  • Skilt- og reklameinnretning på inntil 3,0 m2 som blir montert flatt på vegg. Unntaket gjeld ikkje dersom du ønskjer å montere fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade.
  • Mindre antennesystem. Antennemasta kan vere inntil 2,0 m høg. Parabolantenne kan ha ei diameter på inntil 1,2 m .
  • Mindre forstøtningsmur med ei høgd på inntil 1,0 m og ein avstand frå nabogrense på minst 2,0 m, eller forstøtningsmur med ei høgd på inntil 1,5 m og ein avstand frå nabogrense på minst 4,0 m. Muren må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg .
  • Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må likevel ikkje føre til meir enn 3,0 m avvik frå opphavleg terrengnivå i grisgrendte strok, eller 1,5 m avvik frå opphavleg terrengnivå i tettbygd strok. På eigedom for rekkje- eller kjedehus o.l. med tett bygningsmasse, må avviket ikkje vere meir enn 0,5 m frå opphavleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 2,0 m. Endringar i terreng må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg.
  • Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar som ikkje krev vesentleg terrenginngrep.
  • Mindre vesentleg fasadeendring.
  • Graving for kablar.
  • Lokal drenering samt reparasjonar ved rør- og ledningsbrot.

Plassering

  • Bygningar, konstruksjonar eller anlegg på eller i direkte tilknyting til byggje- eller anleggstomt der ein arbeider.
  • Campingvogn og vinteropplag av fritidsbåt på utbygd bustad- og fritidseigedom.
  • Campingvogn på campingplass.

Vilkår

  • Tiltaket må ikkje føre til fare eller ulempe for omgivnadene.
  • Det skal ikkje vere i strid med plan- og bygningslova, arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen.

Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du likevel sende søknad.

Ved tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, kontakt kommunen for nærmare informasjon.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no