Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Mindre tiltak utan søknadsplikt

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 29.05.2017

Du kan utføre enkelte mindre tiltak på tomt eller bygning utan å involvere eit ansvarleg firma og utan at du må søkje kommunen først. Ifølgje byggesaksforskrifta treng du ikkje søkje om:

Oppføring av garasje eller frittliggande, mindre uthus på eigedom med bygningar når du ikkje skal bruke det til å bu i;

  • mønehøgde inntil 4 meter
  • med gesimshøgde inntil 3 meter
  • der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) ikkje er over 50 m².
  • der avstanden til annan bygning på eigedommen ikkje skal vere mindre enn 1 meter
  • der avstanden til nabogrensa ikkje skal vere mindre enn 1 meter
  • som ikkje har kjellar
  • som er på berre ein etasje, men kan ha eit mindre oppbevaringsloft
  • som ikkje blir bygd over eksisterande vass- og avløpsleidningar

Endring i eksisterande bygg, innanfor ei brukseining eller branncelle;

  • mindre tilbygg som ikkje inneheld rom der ein skal ha varig opphald eller bu, og der verken samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 15 m². Tilbygget må være understøtta og kan ikkje overstige to etasjar eller to plan.
  • ikkje-berande vegg 
  • reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • installering, endring og reparasjon av våtrom
  • installering, endring og reparasjon av eldstad
  • andre enkle installasjonar

Tiltak utandørs;

  • Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 10 meter. Veggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning. Avstanden til nabogrensa skal ikkje vere mindre enn 1 meter.
  • Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 5 meter. Leveggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning og kan plasserast inntil nabogrense.
  • Innhegning mot veg med inntil 1,5 meters høgde. Innhegninga må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg. 
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 3 m² som blir montert flatt på vegg. Ønskjer du å montere fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade, må du søkje kommunen.
  • Antennesystem med høgde inntil 5 meter. Parabolantenne kan ha diameter inntil 1,2 meter. Panelantenne plassert på vegg kan ha høgde inntil 2 meter.
  • Mindre støttemur på inntil 1 meters høgde og avstand frå nabogrense på minst 1 meter, eller støttemur på inntil 1,5 meters høgde og avstand frå nabogrense på minst 4 meter. Muren må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg. 
  • Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikkje føre til meir enn 3 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i grisgrendt strøk, eller 1,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i tettbygd strøk. På eigedom for rekke- eller kjedehus o.l. der bygga ligg tett, må avviket ikkje vere meir enn 0,5 meter frå opphavleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 1 meter. Endringar i terreng må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg. 
  • Graving for kablar. 
  • Lokal drenering og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
  • Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for bruk av tomta som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Oppstillingsplass for landbruksmaskinar til bruk på landbrukseigedom. Avstand til nabogrense må vere minst 1 meter.

Plassering av;

  • Bygningar, konstruksjonar eller anlegg på eller i direkte tilknyting til bygge- eller anleggstomt der arbeid går føre seg. 
  • Campingvogn og opplag av fritidsbåt på bygd bustad- og fritidseigedom. 
  • Campingvogn på campingplass.

Oppføring av frittliggjande byggverk knytta til drift av jordbruks-, skogbruks- eller reindriftsområde;

  • der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) ikkje overstig 15 m²
  • som berre er på éin etasje og ikkje er underbygd med kjellar.

Målgruppe

Du som planlegg mindre tiltak på eigen eigedom.

Vilkår

Tiltaket må vere i samsvar med reglane i plan- og bygningslova om blant anna estetikk og avstand til nabo.

Det må òg vere i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan, utbyggingsplan og eventuelt reguleringsplan.

Den som utfører tiltaket, er sjølv ansvarleg for at reglane blir følgde.

Lover

Byggesaksforskrifta § 4-1 (Tiltak som ikkje krev søknad og løyve)

Byggesaksforskrifta § 4-2 (Unntak for plassering av særskilt bygning, konstruksjon eller anlegg)

Plan- og bygningslova § 1-6 (Tiltak)

Plan- og bygningslova § 20-5 (Tiltak som er unntatt frå søknadsplikt)

Rettleiing

Dispensasjon frå gjeldande regelverk krev søknad. Dersom du er i tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, kan du kontakte kommunen for nærare informasjon.

Kontakt oss