Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Mindre tiltak med søknadsplikt (utan ansvarsrett)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 15.10.2013

Ifølgje byggesaksforskrifta må du søkje om å få utføre følgjande mindre tiltak:

På eigedom med bygningar:

  • Eit enkelt tilbygg der verken samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er mellom 15 og 50 kvadratmeter. Tilbygget kan i tillegg ha kjellar.  
  • Ein enkelt frittliggande bygning som ikkje skal brukast til bustad, og der verken samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er mellom 50 og 70 kvadratmeter. Bygningen kan oppførast i éin etasje og i tillegg ha kjellar.
  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel og omvend innanfor ei brukseining. 
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 kvadratmeter montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 meter og breidde inntil 1,5 meter montert frittståande på terreng. Regelen gjeld ikkje plassering av skilt- og reklameinnretningar som kan utgjere ein fare for persontryggleiken, og ikkje når fleire skal monterast på same stad eller på same fasade. 
  • Antennesystem med høgde over 5 meter. Regelen omfattar ikkje plassering av antennesystem som kan utgjere ein fare for persontryggleiken, eller når fleire antennesystem skal plasserast på same stad eller på same fasade.
  • Midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg som nemnt i § 20-1 første ledd bokstav j, som ikkje skal plasserast for lengre tidsrom enn 2 år.

For driftsbygningar i landbruket:

  • Oppføring, plassering, vesentleg endring, vesentleg reparasjon, riving av, eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA).
  • Tilbygg til driftsbygning dersom det totale arealet av bygningen inkludert tilbygget ikkje overstig 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA).

Desse tiltaka kan du utføre utan å ha ansvarsrett, det vil seie at du sjølv kan gjere arbeidet utan å involvere eit ansvarleg firma.

Målgruppe

Du som planlegg mindre tiltak på eigen eigedom.

Vilkår

  • Tiltaket må vere i samsvar med reglane i plan- og bygningslova om blant anna estetikk og avstand til nabo. 
  • Tiltaket må vere i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan, utbyggingsplan og eventuelt reguleringsplan.
  • Naboar og tverrbuar skal varslast.

Den som utfører tiltaket, er sjølv ansvarleg for at reglane blir følgde.

Lover

Plan- og bygningslova § 20-4 (Søknadspliktige tiltak som kan gjennomførast av tiltakshavar)

Plan- og bygningslova § 1-6 (Tiltak)

Byggesaksforskrifta § 3-1 (Mindre tiltak på eigedom med bygningar)

Byggesaksforskrifta § 3-2 (Alminnelege driftsbygningar i landbruket)

Byggesaksforskrifta (SAK) Andre del (Søknadsplikt, innhald i og behandling av søknader)

Rettleiing

Dersom du er i tvil om tiltaket oppfyller krava for søknadsplikt, kan du kontakte kommunen for nærare informasjon.

Du må leggje ved dokumentasjon når du søkjer. Kva for dokument som er nødvendige står oppført i søknadsskjemaet.

Du må også varsle naboar og tverrbuar før søknad om tiltak blir sendt til kommunen. Ein kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er tatt imot. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne tillating som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker. Dersom denne fristen blir overskriden, vil det totale byggesaksgebyret bli redusert med 25 % for kvar påbegynte veke.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen. Fristen er tre veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klagen send vidare til Fylkesmannen.

Du vil få informasjon om klagebehandlinga når saka er behandla ferdig.

Kontakt oss