Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Medfølgjarbevis

Beskrivelse

Medfølgjarbeviset er eit kort som blir skrive ut til den funksjonshemma. Ein rekkje institusjonar og arrangørar av til dømes, idrettsarrangement tilbyr gratis tilgang eller billett til nedsett pris til medfølgjaren, mot at den funksjonshemma viser fram medfølgjarbeviset. Bruksområdet for ordninga blir stadig utvida. 

Ordninga gjeld også for visse transportmiddel.

Meir informasjon om ordninga finn du her: http://www.shdir.no/srff/temasider/ledsagerbevis/

Denne logoen finst på stader der dei aksepterer medfølgjarbevis.

Logo som brukast der medfølgjarbevis aksepterast


 

Målgruppe

Funksjonshemma

Vilkår

Det blir ikkje gjennomført noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden, og ordninga er ikkje avhengig av om vedkomande mottek trygdeytingar. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om medfølgjarbevis
Elektroniske skjema med rettleiing finn du i rubrikken til høgre.

Passfoto skal følgje søknaden.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etterkvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

Det kan innhentast fråsegn enten frå fastlege, legespesialist, offentleg godkjend helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen om den funksjonshemma sitt behov for medfølgjar.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no