Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Løyve for skjenking av alkohol i lukka selskap (ambulerande)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 20.08.2017

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikke i lukka selskap, må du søkje kommunen om såkalla ambulerande skjenkeløyve. Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, det vil seie at gjestane ikkje kan vere inviterte gjennom annonsar, plakatar eller sosiale medium. I slike tilfelle må du i staden søkje om skjenkeløyve for eit ope arrangement.

Sjølv om du ikkje tar betalt for drikken er det løyveplikt for skjenking av alkohol på følgjande stader:

  • serveringsstader
  • lokale som vanlegvis er tilgjengelege for alle, t.d. forsamlingslokale og utstillingslokale
  • gate, torg, veg, park eller andre offentlege stader
  • transportmiddel som vanlegvis er tilgjengelege for alle

Det finst likevel nokre unntak frå denne løyveplikta:

  • Private arrangement (t.d. bryllaup, jubileum og konfirmasjon) i eit lokale du leiger eller låner som privatperson. Det er ein føresetnad at selskapet er lukka, at det ikkje blir tatt betaling for alkoholen og at du sjølv står for innkjøp og servering av mat og drikke.
  • Bedriftsarrangement for eigne tilsette i eigne lokale når det ikkje blir tatt betaling for drikke.
  • Privat arrangement der eigar/leigar/drivar/tilsett av eit offentleg lokale nyttar det til eige bruk og serverer alkohol, under føresetnad av at det ikkje blir tatt betalt for drikke.

Løyvet kan gjelde:

  • skjenking av drikke med mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol (øl)
  • skjenking av drikke med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent (øl og vin)
  • skjenking av all alkoholhaldig drikke (øl, vin og brennevin)

Målgruppe

  • Eigarar av selskapslokale som blir leigde ut til lukka selskap
  • Personar eller verksemder som skal arrangere lukka selskap i lokale som ikkje har skjenkeløyve frå før

Vilkår

Du må kjenne vedtektene i alkohollovgivinga, men det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Du må peike ut ein styrar og avløysar som skal ha ansvaret for skjenkinga. Begge må ha fylt 20 år og kunne vise legitimasjon. Kommunen kan gjere unntak frå kravet om avløysar pga. størrelsen på skjenkestaden eller karakteren til arrangementet.

Rettleiing

Du må sende søknad til kommunen. Du må m.a. leggje ved kopi av legitimasjon for styrar og avløysar. Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon. Du bør skaffe deg ei oversikt over desse krava før du søkjer. Kommunen vil gi rettleiing ved behov.

Søknadsfrist

Du bør søkje minst ei veke før arrangementet skal finne stad.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen kan hente inn fråsegner frå politiet og NAV.

Det er opp til kommunen å vurdere om du skal få innvilga søknaden din. Får du avslag, må kommunen gjere greie for grunnen til dette.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss