Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Leksehjelp - grunnskolen

Beskrivelse

Alle elevar på 1.- 4. trinn har rett til gratis leksehjelp, jf. opplæringslova § 13-7a. Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med denne. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.

Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og medvirke til utjamning av sosiale forskjellar i opplæringa.

Det er frivillig om man ønskjer å delta, men kommunen pliktar å tilby leksehjelp. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt.

Målgruppe

Elevar i 1.-4. årstrinn i grunnskolen.

Vilkår

  • Kommunen er ansvarleg for leksehjelpa og veljer korleis den skal organiserast.
  • Det skal tilbys totalt 8 timar leksehjelp per veke.
  • Kvart trinn skal minimum ha éin time leksehjelp per veke.
  • Tilbodet skal vere til alle elevar, og ikkje avgrensast til elevar som har ekstra behov for opplæring.
  • I de tilfelle der leksehjelpa blir organisert som ein del av SFO-tiden, kan likevel alle elevar delta gratis, også dei som ikkje er påmeldt SFO.
  • Kommunen pliktar å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa.
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn at den enkelte elev blir fulgt opp individuelt.

Klage

Når eleven si rett til eit godt psykososialt miljø ikkje oppfyllast, kan elevar og foreldre be skolen om å setje i verk tiltak. Skolen pliktar så snart som mogleg å behandle saka etter reglane i forvaltningslova. Dersom skolen ikkje innan rimeleg tid har tatt stilling til saka, kan det klagast som om enkeltvedtak vart fatta.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no