Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Leirskoleopphald

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.01.2017

Dei fleste grunnskolar har eit leirskoleopphald som ein del av undervisninga. Då reiser klassen saman med læraren til ein overnattingsstad som driv leirskole. Undervisninga går for det meste føre seg utandørs og opphaldet varer i fleire dagar.

Leirskolen har eigne lærarar og eit fast opplegg som tar utgangspunkt i naturforholda på staden, enten det er fjell-, kyst- eller skogsterreng. Du og klassen din lærer om naturen, løyser praktiske oppgåver og får nye ferdigheiter. På leirskolen kan du lære om m.a. førstehjelp, naturvern, kart og kompass, geologi, flora, fauna, vêrteikn og fjellvett- eller sjøvettreglar. Målet med leirskoleopphaldet er å styrke samhaldet i klassen og gi gode opplevingar.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen.

Lover

Fag- og timefordelinga for grunnskolen gir nokre fleksible timar som kommunen kan velje innhaldet i. Dei fleste kommunar har valt å tilby leirskoleopphald i desse timane, men skolen har ikkje plikt til å tilby dette.

Opplæringslova § 2-3 (Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa)

Opplæringslova § 2-15 (Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring)

Opplæringsloven § 10-3 (Personell ved leirskolar)

Forskrift til opplæringslova kap. 8 (Ulykkesforsikring for elevar)

Rettleiing

Eit leirskoleopphald bør vere nøye planlagt slik at elevene er godt førebudde. Leirskolen sender gjerne ut liste med kva du må ha med deg av klede og utstyr.

Er du redd for å sove borte, blir lett kvalm på buss eller gruar deg for noko i samband med leirskoleopphaldet? Brukar du medisinar eller har behov for tilrettelegging? Snakk med læraren din, helsesøster eller sosiallæraren på skolen. Læraren og leirskolen kan vere litt ekstra merksame på deg og hjelpe deg til å få ei positiv oppleving av opphaldet.

Kontakt oss