Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Landbrukseigedom - deling

Beskrivelse

I utgangspunktet er det forbode å dele landbrukseigedomar.

Formålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget til driftseininga ikkje blir redusert. Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen.

Når det skal avgjerast om samtykke skal gjevast, skal ein m.a. ta omsyn til

  • om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området 
  • godkjende planar som ligg føre for arealbruk etter plan- og bygningslova 
  • kulturlandskapet

Det er viktig å merke seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylte, gir ikkje det automatisk rett til samtykke.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein reknar med er den faktiske eigaren til eigedomen.

Vilkår

Samtykke til deling kan gjevast dersom

  • viktige samfunnsinteresser talar for det 
  • deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastinga eigedomen kan gi.

I samband med eit samtykke til deling av landbrukseigedom, kan det setjast vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet med lova.

Rettleiing

Søknad om deling av landbrukseigedomen skal sendast til kommunen. Søknaden må innehalde ein nærmare omtale av eigedomen og plasseringa av arealet det blir søkt om deling av.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etterkvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein trur at vedtaket vil bli fatta.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen/Fylkeslandbruksstyret.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no