Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Landbrukseigedom – deling eller endring

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 11.09.2013

Ønskjer du å dele opp ein eigedom som er brukt eller kan brukast til jordbruk eller skogbruk, må du først søkje kommunen om godkjenning. Du må også søkje godkjenning for endring av eigedommen, som for eksempel ved:

  • forpakting
  • tomtefeste og liknande leige

Dersom formålet med delinga eller endringa gjer det nødvendig med ei omdisponering etter jordlova § 9, må du først søkje kommunen om godkjenning av dette. Kommunen kan krevje omdisponering av landbrukseigedommen dersom du:

  • ønskjer å ta i bruk dyrka jord til andre formål enn jordbruksproduksjon
  • skal ta i bruk dyrkbar jord slik at ho i framtida ikkje eignar seg til jordbruksproduksjon

Målgruppe

Eigar av landbrukseigedom

Vilkår

Kommunen kan godkjenne deling eller endring når denne legg til rette for eit funksjonelt og variert landbruk.

I vurderinga legg kommunen m.a. vekt på om delinga eller endringa fører til:

  • ei driftsmessig god løysing 
  • drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området

Kommunen vurderer også om vern av arealressursane blir tatt i vare, og kan leggje vekt på andre omsyn ut frå formålet i jordlova.

Dersom det er nødvendig av omsyn til busetjinga i området, kan kommunen likevel godkjenne deling eller endring og setje omsynet til landbruket til side.

Rettleiing

Du sender søknad om deling eller endring til den kommunen der landbrukseigedommen ligg. Søknaden må innehalde:

  • beskriving av eigedommen
  • plasseringa til det arealet du ønskjer frådelt eller endra

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss