Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kvalifisering til arbeid (kvalifiseringsprogrammet)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 25.09.2017

Ønskjer du å komme i arbeid eller annan aktivitet, men treng litt ekstra oppfølging for å klare det? Kvalifiseringsprogrammet kan tilby deg opplæring og arbeidstrening med tett oppfølging undervegs.

Kvalifiseringsprogrammet er på 37,5 timar i veka og varer inntil eitt år. Målet er å få deg i arbeid eller aktivitet gjennom eit individuelt opplegg. Du og rettleiaren din på NAV-kontoret planlegg innhaldet i programmet med utgangspunkt i dine ferdigheiter og ønske. Hovudinnhaldet er:

  • arbeidsretta tiltak
  • opplæringsaktivitetar
  • individuell oppfølging og rettleiing

Ved behov kan programmet også innehalde andre aktivitetar, som helsehjelp, økonomisk rettleiing e.l.

Du har sjølv ansvar for å følgje opp programmet ditt i samarbeid med rettleiaren din.

Målgruppe

Personar i yrkesaktiv alder som har nedsett arbeids- eller inntektsevne.

Vilkår

Du må ha:

  • eit ønske om å komme i arbeid eller aktivitet
  • ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
  • behov for tett, individuell oppfølging
  • lovleg opphald og fast bustad i Norge

Rettleiing

Ta kontakt med NAV-kontoret i kommunen for å sjekke om kvalifiseringsprogrammet er aktuelt for deg. NAV-kontoret kan hjelpe deg med å søkje om å ta del i programmet.

Sakshandsaming

NAV har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når NAV ventar å kunne svare deg.

Før NAV avgjer søknaden din skal dei sørgje for at saka er så godt opplyst som mogeleg. Saksbehandlaren vurderer kva for opplysningar som er nødvendige, og korleis dei skal dokumenterast. Så langt det er mogeleg skal NAV samarbeide med deg om å hente inn desse opplysningane.

Søknaden din blir deretter vurdert individuelt. NAV skal grunngi avgjerda si, uansett om søknaden blir godkjend eller ikkje. Blir søknaden godkjend, skal kvalifiseringsprogrammet starte seinast seks månader etter at du leverte søknaden. Før du begynner, må du gjennom ei obligatorisk vurdering av arbeidsevna di.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda NAV har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. NAV-kontoret kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen direkte til NAV-kontoret i kommunen. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender NAV klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss