Kunnskapsprøva
Beskrivelse
Obligatorisk prøve som må vere bestått for å få alminneleg sals- eller skjenkjeløyve for alkohol.
Målgruppe
Styrar og skjenkjerettsinnehavaren i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve. Personar som er tilknytt ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (tog, fly, befalsmesser i forsvaret), kontaktar Fylkesmannen.
Vilkår
Kunnskapsprøva om alkohollova er ei fleirvalsprøve. Du vil få 45 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 16 av 21 svar vere rette.
Rettleiing
Kunnskapsprøva kan gjennomførast i kommunen. Opplysningar om kunnskapskrav til prøva og søknadsskjema får du i kommunen. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å gjennomføre prøva.
Informasjon om e-læringskurs som gjer deg godt forberedt til å bestå testen, finner du her:
Sakshandsaming
Når kunnskapsprøva er bestått, skriv kommunen ut eit bevis.
Klage
Det er ikkje høve til å klage, men prøva kan takast om igjen.