Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Krisesenter

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du opplevd vald eller overgrep frå nokon som du har eit nært forhold til? Føler du deg trua eller er redd for nokon i familien? Blir du krenka, kontrollert eller latterleggjort? På krisesenteret kan du få vern, råd og rettleiing.

Tør du ikkje lenger bu heime, kan krisesenteret tilby deg ein trygg stad å bu i ein overgangsperiode. Har du barn, kan du sjølvsagt ta dei med deg. Butilbodet til kvinner og menn er fysisk åtskilt.

Krisesenteret vil saman med deg vurdere kva som skal til for at du skal føle deg trygg på senteret. Om krisesenteret ikkje kan gi godt nok vern, vil kommunen og politiet saman finne ein trygg bustad til deg.

Har du ikkje behov for å bu på krisesenteret, kan du komme til samtale på dagtid. Du kan også ta kontakt per telefon.

Krisesenteret tilbyr deg:

  • eit menneske å snakke med som møter deg med forståing og sympati
  • hjelp til å komme i kontakt med andre tenester, som for eksempel advokat, lege, politi og barnevern
  • informasjon om kva for rettar du har, og råd og rettleiing
  • hjelp til å finne ny bustad
  • anna praktisk hjelp og støtte

Målgruppe

Kvinner, menn og barn som er utsette for vald, eller trugslar om vald, i nære relasjonar

Vilkår

Krisesenteret har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Rettleiing

Krisesenteret er ope heile døgnet. Du kan ringje eller møte opp utan avtale. Ringjer du, kan du velje å vere anonym.

Sakshandsaming

Alle som arbeider på krisesenteret har spesialkompetanse og erfaring frå arbeid med vald og overgrep. Dei tilsette har teieplikt og har derfor ikkje lov til å dele opplysningar om deg med andre, utan at du gir løyve til det eller det er fare for liv og helse. Andre som brukar senteret har heller ikkje lov til å fortelje vidare det dei får vite om deg.

Krisesenteret skaffar tolk dersom du har behov for det.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til krisesenteret.

Kontakt oss