Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Konsesjon - erverv av utbygd eigedom under 100 da.

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 07.03.2016

Konsesjonslova av 18. november 2003 slår fast at alle faste eigedomar ein skaffar seg (kjøp/overtaking), og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er underlagt konsesjonsplikt med mindre det er gjort unntak i lova eller i forskrifter fastsette i medhald av lova. Som kjøp blir også rekna kjøp av delar eller partar i ein eigedom. Konsesjonsfritak etter lova kan setjast ut av kraft ved forskrift. I kommunar med buplikt (husstanden som er registrert i folkeregisteret med fast adresse i bustaden, bur i huset) er det slike forskrifter.

Målgruppe

Alle som kjøper utbygd eigedom over 100 da. samt mindre eigedomar med minst 20 da. fulldyrka jord.

Vilkår

Eigafråsegna om konsesjonsfritak for utbygd eigedom med nedsett konsesjonsgrense.

Det gjeld buplikt i desse tilfella:

  • Utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad.
  • Eigedom med hus som ikkje er tekne i bruk som heilårsbustad, medrekna eigedom med hus under oppføring, i område som i reguleringsplanen etter plan- og bygningslova er regulerte til bustadformål.

Buplikta fører med seg at eigaren må sørgje for at han/ho sjølv eller andre blir registrerte hos Folkeregisteret som fast busett på eigedomen innan 1 år frå skøytet er tinglyst. Eventuell søknad om utsetjing må sendast kommunen innan 1 års-fristen. Unntaksvis kan eigar/leigar oppfylle buplikta ved å binde seg til å overnatte minst 50 % av nettene på eigedomen.

Folkeregisteret kan nekte godkjenning av flyttemelding dersom ektefellen ikkje vil flytte. Kommune skal ha skriftleg melding om dette innan 1-årsfristen.

Det krevst ein årleg plan der det går fram når overnatting er planlagd, og ein årleg rapport om korleis overnattinga er gjennomførd.

Kjøp mellom nære slektningar (inklusiv born av søsken) utløyser ikkje buplikt. Føresetnaden er at eigaren (inklusiv nære slektningar) har hatt tinglyst heimel til eigedomen dei siste 5 åra før overdraginga. Dersom eigaren døyr før 5-årsfristen, gjeld unntaket frå buplikt fullt ut.

Rettleiing

Dersom ein ikkje er trygg på om ervervet utløysar konsesjonsplikt, kan spørsmål rettast til den kommunen der eigedommen ligg, fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning. 

Eigafråsegn om konsesjonsfritak
Eigafråsegn blir godkjent i kommunen der eigedommen ligg. Etter godkjenning blir eigafråsegn, skøyte samt annan dokumentasjon, sendt til Statens Kartverk for tinglysing. Eigafråsegn treng inga vedlegg.

Søknad om konsesjon
Søknaden, med skøyte og kopi av kontrakt om overdraging , må sendast kommunen innan 4 uker etter at avtale er inngått, eller kjøper har fått råderett over eigedommen. Når kommunen har gitt konsesjon, blir skjøte samt annan dokumentasjon sendt til Statens Kartverk for tinglysing. Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale, samt takst, skal leggjast ved i original eller stadfesta avskrift så langt slike dokument ligg føre. Gjeld det kjøp av landbrukseigedom, skal skogbruksplan leggjast ved dersom slik plan ligg føre.

Rettleiing for utfylling av eigafråsegn og søknad  ligg ved skjemaene.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal skriftleg svar sendast om årsaka til dette, med opplysningar om når ein reknar med at vedtaket vil bli fatta.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen/Fylkeslandbruksstyret.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Kontakt oss