Konsesjon - erverv av alle eigedomar over 100 da.
Beskrivelse
Konsesjonslova av 18. november 2003 slår fast at alle faste eigedomar ein skaffar seg (kjøp/overtaking), og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er underlagt konsesjonsplikt med mindre det er gjort unntak i lova eller i forskrifter fastsette i medhald av lova. Som kjøp blir også rekna kjøp av delar eller partar i ein eigedom. Konsesjonsfritak etter lova kan setjast ut av kraft ved forskrift. I kommunar med buplikt (husstanden som er registrert i folkeregisteret med fast adresse i bustaden, bur i huset) er det slike forskrifter.
Målgruppe
Alle som kjøper utbygd/ikkje utbygd eigedom over 100 da., samt mindre eigedomar med minst 20 da. fulldyrka jord. Gjeld også stifting av bruksrett/leige som varer over 10 år.
Vilkår
Søknad om konsesjon ved kjøp av fast eigedom må fyllast ut.
- Vanlegaste unntaket frå å måtte søkje om konsesjon er nært slektskap/odel mellom seljar og kjøpar (inklusive born av søsken). I slike tilfelle skal det fyllast ut ei Eigafråsegn om konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom.
- Det er spesielle vilkår for landbrukseigedomar: Ved kjøp mellom nære slektningar, samt personar med odelsrett, gjeld bu- og driveplikt. Det krevst at ein flytter til eigedomen innan 1 år, og at ein bur der og driv den samanhengande i 5 år. Buplikta er personleg, og tilflyttinga må vere godkjend av Folkeregisteret. Unntaksvis kan kjøparen oppfylle buplikta ved å forplikte seg til å overnatte minst 50 % av nettene på eigedomen. Folkeregisteret kan nekte godkjenning av flyttemeldinga dersom ektefellen ikkje flytter med.
Rettleiing
Søknad om konsesjon, med kopi av skøyte og overdragingskontrakt, skal sendast kommunen innan 4 veker etter at avtale er inngått, eller etter at kjøparen har fått råderett over eigedomen.
Når kommunen har gitt konsesjon, skal skøyte samt annan dokumentasjon sendast til Statens kartverk for tinglysing.
Spørsmål om utfylling av søknaden kan rettast til kommunen eller Statens landbruksforvaltning.
Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale samt takst, skal leggjast ved i original eller attestert avskrift i den grad slike dokument ligg føre. Gjeld kjøpet landbrukseigedom, skal skogbruksplan leggjast ved så sant slik plan ligg føre.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal det sendast skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein kan rekne med at vedtak vil bli fatta.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen/Fylkeslandbruksstyret.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.