Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Karakterar - klagerett

Beskrivelse

Ein kan klage på alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve, realkompetansevurdering og karakter i orden og oppførsel. Den som har klagerett, kan krevje grunngjeving. Ved skriftleg eksamen kan eleven be om å få kopi av eigne eksamenssvar når karakteren er fastsett, men det kan ikkje krevjast grunngjeving for karakteren.

Målgruppe

  • Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse har gitt skriftleg fullmakt.
  • Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett.

Vilkår

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykkje frå foreldra.

Lover

Sjå forskrift til opplæringslova kap. 5

Forskrift til opplæringslova

Rettleiing

Klaga må vere skriftleg. Ho må underskrivast av klagaren eller eventuelt av den som har fullmakt. Klaga skal oppgi det vedtaket som blir påklaga. Klaga bør innehalde grunngjeving for klaga. Ved klage på karakter etter skriftleg eksamen er det ikkje nødvendig å grunngi klaga.

Sakshandsaming

Klagefristar: Frist for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er ti dagar. Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er tre veker. Krav om grunngjeving må vere sett fram innanfor klagefristen.

Skulen/klageinstansen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at vedtaket vil bli fatta.

Resultatet av klagebehandlinga: Behandling av klage over karakterar kan føre til at karakteren blir ståande, eller at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. For munnleg eksamen spesielt: Får klagaren medhald, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no