Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Jegerprøva

Beskrivelse

Dersom du vil jakte, må du først ta jegerprøva. Det obligatoriske jegerprøvekurset har eit omfang på 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter gjennomført kurs må du avleggje ein teoretisk eksamen som blir lagd opp av kommunen.

Målgruppe

Personar som er 14 år eller eldre og som ønskjer å jakte.

Vilkår

Jegerprøva kan takast av alle som er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan foregå frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha avlagt jegerprøva.) Opplæringsjakt på storvilt kan foregå frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her krevst det at  ein har klart jegerprøva, og at skyteprøva er avlagd for dei artane som det krevst for.)

Rettleiing

Kommunen arrangerer skriftleg eksamen. Dette blir annonsert i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversyn over eksamensdatoane.

Sakshandsaming

Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Kommunen skriv ut vitnemål for avlagd jegerprøve når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen.

Klage

Du kan ikkje klage på eksamen som ikkje er greidd. Du kan gå opp til ny eksamen utan å betale ekstra eksamensavgift.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no