Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Innsynsrett – personopplysningar

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 21.10.2017

Du har rett til å gjere deg kjend med personopplysningane dine som er registrerte hos kommunen. Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til deg som person, til dømes namn, alder, personnummer, økonomi og helseopplysningar. Bilete der du kan kjennast igjen er også ei personopplysning, sjølv om namnet ditt ikkje står ved biletet.

Kommunen kan berre registrere opplysningar om deg når du har samtykt, det er fastsett i lov eller det er nødvendig for at kommunen:

  • skal oppfylle ein avtale med deg
  • skal utøve offentleg myndigheit og oppfylle dei rettslege pliktene sine
  • skal ta i vare dine livsnødvendige behov
  • skal utføre oppgåver av allmenn interesse
  • eller ein tredjepart skal ta i vare ei interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet ditt

Du har rett til å få vite:

  • kva for opplysningar som er lagra om deg
  • kva informasjonen skal brukast til 
  • korleis kommunen har fått tak i opplysningane
  • kven som har eller har hatt tilgang til opplysningane

Du kan krevje at opplysningar blir retta dersom dei inneheld feil, er mangelfulle eller urimelege. Du kan også be om å få opplysningar om deg sletta, dersom dei inneheld feil, er misvisande eller følast belastande

Innsynsretten gjeld ikkje dersom m.a.:

  • hemmeleghald er nødvendig for etterforsking av straffbare handlingar
  • tilgang til opplysningar kan medføre livsfare eller alvorleg helseskade
  • det er klart utilrådeleg av omsyn til familiemedlemmane dine og forholdet ditt til dei
  • personopplysningane berre blir brukte til intern saksførebuing og ikkje er utleverte til andre
  • personopplysningane blir behandla berre for historiske, statistiske eller vitskaplege formål der behandlinga ikkje får nokon direkte innverknad for deg.

Du kan også be om innsyn i korleis kommunen behandlar personopplysningar generelt og om tryggleikstiltak knytte til bruken av personopplysningane dine.

Målgruppe

Privatpersonar

Vilkår

Du kan berre be om innsyn i personopplysningar om deg sjølv, eigne barn under 15 år eller personar du handlar på vegner av med fullmakt.

Lover

Personopplysningslova kap. 2 (Alminnelege reglar for behandling av personopplysningar)

Personopplysningslova § 18 (Rett til innsyn)

Personopplysningslova § 23 (Unntak frå retten til informasjon)

Forvaltningslova §§ 18 – 18d (Partane sitt høve til å gjere seg kjende med dokumenta i saka)

Helseregisterlova kap. 4 (Informasjon, innsyn, retting, sletting og sperring)

Pasient- og brukarrettslova kap. 5 (Rett til journalinnsyn)

Rettleiing

Vend deg til kommunen dersom du ønskjer innsyn eller vil endre, sperre eller slette dei registrerte opplysningane om deg. Du må gi nok opplysningar til at kommunen kan identifisere deg. Blir ikkje opplysningane retta eller sletta, kan du be om at kommentaren din blir registrert saman med opplysningane.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å svare raskt når du tar kontakt, og seinast innan 30 dagar. Dersom svar på kontakten ikkje kan bli gitt innan 30 dagar, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen har plikt til å sende personopplysningar til deg på ein sikker måte. Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med vanleg ukryptert e-post.

Om kommunen nektar deg innsyn i opplysningane, skal du få ei skriftleg grunngiving med referanse til gjeldande lovparagraf.

Klage

Nektar kommunen å gi deg innsyn i personopplysningar, kan du klage. Du kan også klage dersom kommunen avslår ditt ønskje om retting eller sletting av opplysningar. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. Klagen må vere grunngitt. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen som hentar inn utsegn frå Datatilsynet, og ev. Riksarkivaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Anna informasjon

Sjå informasjon om koordinerande eining for habilitering og rehabilitering her.

Kontakt oss