Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Innbyggarforslag

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 20.10.2017

Er du engasjert i ei sak som du ønskjer at kommunestyret skal behandle? Dersom du føreslår ei sak og samlar nok underskrifter som støttar forslaget, pliktar kommunen å vurdere saka di.

Ordninga med innbyggarforslag styrker det lokale engasjementet og gir innbyggarane høve til å setje saker på den politiske dagsordenen.

Saka du føreslår må høyre inn under ansvarsområdet til kommunen og kan gjelde alle oppgåver kommunen har ansvar for, både lovpålagde og frivillige.

Du kan sende inn forslaget digitalt eller på papir. Kommunen anbefaler bruk av nettsida Minsak.no for å stille innbyggarforslag. Tenesta gjer det enkelt å opprette og spreie saka i ulike kanalar. Du kan gå gjennom underskriftene og fjerne dei som ikkje tilhøyrer innbyggarar i kommunen. Når forslaget har fått nok underskrifter, blir saka send til kommunen via nettsida.

Målgruppe

Både enkeltpersonar og organisasjonar kan føreslå saker. Som enkeltperson må du vere busett i kommunen. Du treng ikkje å ha fylt 18 år.

Vilkår

Du treng underskrift frå minst to prosent av innbyggarane i kommunen, eller minimum 300 personar dersom kommunen har meir enn 15 000 innbyggarar. Underskrifter frå personar som ikkje er busette i kommunen, vil bli forkasta.

Du kan ikkje fremje ei sak:

  • som allereie er behandla av kommunestyret i løpet av valperioden
  • med same innhald som eit tidlegare innbyggarforslag

Lover

Kommunelova § 39a (Innbyggarforslag)

Rettleiing

Innbyggarforslaget må beskrive kva du ønskjer at kommunestyret skal debattere og ta stilling til. Formuler gjerne eit konkret forslag til vedtak. Hugs å få med namnet og adressa di og kven som er forslagsstillar dersom du stiller forslaget på vegner av ein organisasjon.

Du må dokumentere at forslaget har fått tilstrekkeleg mange underskrifter. Det må vere tydeleg at underskrivarane støttar forslaget ditt.

Sakshandsaming

Kommunen kontrollerer at forslaget har nok underskrifter og oppfyller dei andre krava til eit innbyggarforslag. Dersom forslaget ikkje oppfyller krava, vil du få skriftleg beskjed. Innbyggarforslag som oppfyller krava blir sende til fagavdelinga som har ansvaret for temaet i forslaget. Fagavdelinga vil førebu saka for politikarane i kommunestyret.

Kommunestyret skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at ho har fått nok underskrifter. Fristen på seks månader gjeld ikkje dersom saka blir vist til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Kommunen skal halde deg orientert om avgjerder som blir tatt på bakgrunn av forslaget.

Anna informasjon

Sjå informasjon om koordinerande eining for habilitering og rehabilitering her.

Kontakt oss