Individuell plan
Beskrivelse
Ein individuell plan skal lette koordineringa av helse- og/eller sosialtenester for personar med behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til eikvar tid er nokon som har ansvaret for å følgje opp brukaren.
Det er ein klar føresetnad at brukaren skal medverke når ein slik plan blir laga.
Målgruppe
- Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester
- Deltakarar i kvalifiseringsprogram i regi av NAV-kontor (Kvalifiseringsprogrammet skal vere med på å inkludere flest mogleg i arbeids- og samfunnslivet.)
Vilkår
Kommunen har plikt til å utarbeide individuelle planar for personar som har behov for fleire helse- og sosialtenester over lang tid. Staten har ei tilsvarande plikt for pasientar med behov for spesialisthelsetenester.
Lover
Tenesta er lovpålagd
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenster m.m. § 7-1
Pasient- og brukerrettighetsloven
Lov om spesialisthelsetjenester m.m. § 2-5
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for hjelp til å søkje om individuell plan, eller andre kan hjelpe deg ved behov.
Dersom andre søkjer på vegne av deg, må det leggjast ved fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal det givast skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein kan vente at vedtak blir fatta.
Klage
- Klageretten er forankra i dei enkelte lovene (sjå avsnittet om lover og retningslinjer).
- Fylkesmannen er klageinstansen etter sosialtenestelova, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovgivinga.
- Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til det ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du også klage på det.
- Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.
Anna informasjon
Sjå informasjon om koordinerande eining for habilitering og rehabilitering her.