Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Helsestasjon for ungdom

Beskrivelse

På helsestasjonen for ungdom kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdomar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. På helsestasjonen for ungdom kan dei også hjelpe deg med å få kontakt med spesialist.

Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Alle tilsette har teieplikt.

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år.

Vilkår

Tilbodet er gratis.

Rettleiing

Du kan kontakte helsesøster ved skulehelsetenesta på skulen din.

Klage

  • Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage på dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
  • I klaga må du gi ein nærmare omtale av dei forholda det blir klaga over. Du bør opplyse om kva du ønskjer endra, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
  • Klaga skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen står fast på avgjerda si, skal klaga sendast vidare til Helsetilsynet i fylket. 
  • Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve måten tenesta blir utførd på. Klaga skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.

Anna informasjon

Fitjar sin Helsestasjon for Ungdom

 

Stad

Helsestasjonen held til på Helsestasjon i Fitjar, Havnauset , og der vil du møta helsesøster eller jordmor  og vi kan formidla kontakt med lege.

Opningstid
Kvar Måndag 13.00 – 15.30. Du treng ikkje tinga time på førehand. Helsestasjon for ungdom held stengt når skulane har ferie.

Pris:
Tilbodet er gratis.

Døme på emne som du kan ta opp:
• Spørsmål om kroppen
• Hudproblem
• Problem på skulen
• Du kjenner deg trist og einsam
• Parforhold
• Seksualitet generelt
• Homofili
• Rus og rusmisbruk
• Røyking og graviditet
• Menstruasjonen
• Slanking og etevanskar
• Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
• Reseptar og anna behandling for helseproblem
• Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
• Prevensjonsrettleiing og prevensjon
• Prøvar - om du har kjønnssjukdomar
• Graviditetstest

Kontaktinformasjon

Leiande helsesøster Bjørg Sigrunn Kaldefoss Torvund

Tlf nr 53 45 86 07

e-post: bjorg-sigrunn.torvund@fitjar.kommune.no

Besøksadresse
Fitjar helsestasjon, Havnahuset

Postadresse
5419 Fitjar

 Ris og Ros:

Me set pris på tilbakemelding frå brukarane i form av ris, ros eller eventuelle forslag til forbetringar

fitjar-helsestasjon@fitjar.kommune.no

Relatert informasjon på andre nettstader:
www.folkehelsa.no

www.ung.no

www.unghelse.no

www.mentalhelse.no

www.klara-klok.no

www.matportalen.no

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no