Helsestasjon (0-5 år)
Beskrivelse
Tenesta er eit tilbod om:
- barnevaksinasjonar
- helseundersøkingar
- førebyggjande psykososialt arbeid
- opplysningsverksemd
- heimebesøk
- samarbeid om habilitering av born med spesielle behov
Vaksinasjonar følgjer nasjonalt vaksinasjonsprogram.
Helsestasjonen kan også gi tilbod om foreldrerettleiing, t.d. om søvnproblem, samspelproblem og åtferdsproblem hos born.
Målgruppe
Alle i aldersgruppa 0-5 år.
Vilkår
Tenesta gjeld for personar i aldersgruppa 0-5 år.
Lover
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-2
Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7
Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Rettleiing
Når du har født eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for enten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Kontakten blir oppretta på bakgrunn av fødselsmelding. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Anna informasjon

Om Fitjar Helsestasjon
I Fitjar kommune er det ein helsestasjon og den held til i Havnahuset, nær Fitjar sentrum.
Kontaktinformasjon
Fitjar helsestasjon, tlf. 53458607
Ope måndag-fredag 08.30-15.00
Leiande helsesøster: Bjørg Sigrunn Kaldefoss Torvund
Tlf.: 53 45 86 07
E-post: bjorg-sigrunn.torvund@fitjar.kommune.no
Post adresse: Fitjar helsestajon, Havnahuset, 5419 Fitjar
Tilbodet på Helsestasjonen
På helsestasjonen kan du få råd og støtte i spørsmål knytta til barnet si vekst, utvikling og trivsel. Dette innebær barnet sine fysiske, psykiske og sosiale behov.
Det vert arrangert barselgrupper på helsestasjonen.
Helsestasjonen kan også gi tilbod om samtale og foreldrerettleiing.
Foreldre får tilbod om å delta på parkurset ”Godt Samliv”.
Helsestasjon for born frå 0 til 5 år
Alle foreldre som ventar barn, eller som har spedbarn eller småbarn opp til skulealder, er velkomne til Helsestasjon for born frå 0 til 5 år. Ein treng ikkje ha "spesielle" problem eller vanskar for å ta kontakt med helsestasjonen. Me vil gjerne ha kontakt med alle barnefamiliar, og ser gjerne at dei som ikkje allereie har kontakt med oss, tek kontakt.
Kven møter du på helsestasjonen?
På helsestasjonen jobbar lege, helsesøster og jordmor. I tillegg kan du treffe fysioterapeut og tannpleiar etter spesiell avtale.
Målsetjing
Å førebyggja medfødte og erverva sjukdomar.
Målgruppe
Familiar med sped- og småbarn 0-5 år. Gravide (sjå jordmortenesta).
Vilkår
Helsestasjonstilbodet 0-5 år er gratis. Det er frivillig å nytte tenestetilbod v/helsestasjonen.
Alle tenester ved helsestasjonen byggjer på låg terskel (det skal vere lett å få kontakt med oss). Me driv førebyggjing, ikkje behandling (behandling er fastlegen si oppgåve). Er du i tvil, ta kontakt.
Om tinging av time
Det er timetinging for faste kontrollar ved helsestasjonane. Me set stor pris på at du avbestiller timen dersom du og barnet ikkje kan møta.
Pris:
Tenesta er gratis.
Ris og Ros:
Me set pris på tilbakemelding frå brukarane i form av ris, ros eller eventuelle forslag til forbetringar
fitjar-helsestasjon@fitjar.kommune.no
Relatert informasjon på andre nettstader
www.helsetilsynet.no - Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
www.fylkesmannen.no - Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
www.odin.no - Informasjon frå regjeringa og departementa
www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt
www.fhi.no - Folkehelseinstituttet