Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Omsorgsbustader

Beskrivelse

Oppretta: 19.02.2015 – Sist oppdatert 25.06.2019

Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa rørslehemma og tilrettelagd for at den som bur der skal kunne motta heildøgnsomsorg.  Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og kommunen yter tenester i heimen på same vilkår som til andre heimebuande brukarar.

Fitjar kommune har utarbeidd og vedteke: Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune i 2017. Denne finn du her.

Heimel:

Vedteken i Fitjar kommune ved kommunestyret [21. juni 2017] med heimel i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 3-2 a andre ledd, jf. lov 2. juli 1999 nr. 63 lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a andre ledd og § 2-1 e første ledd.

Forskrifta gjeld rett til langtidsopphald i sjukeheim og tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester, og meinast bustader der;

  • bebuaren sine tenestebehov vanlegvis er så store at ein kan samanlikna det med tenestebehova som bebuar i sjukeheim har.
  • det er mogeleg å gje forsvarlege døgnkontinuerlege tenester, vurdert ut frå pasienten sine behov og til ei kvar tid tilgjengeleg kompetanse.
  • kommunen har tildelingsrett

Havnahuset bu- og omsorgssenter.  Her er 18 leiligheiter, og 11 mindre hyblar (tidlegare aldersheimen).  Desse er basert på leige.  Satsane for husleiga vert regulerte årleg av kommunestyret.  Her er bemanning på senteret heile døgnet

Havn burettslag, ligg like ved Havnahuset, og har 12 omsorgsbustader.  Desse er organisert i burettslagsmodellen, og er baserte på kjøp/husleige.  Det er Vestbo som er forretningsførar for bustadene, men kommunen har tildelingplikt.  Når bustadene vert ledige vert dei lyste for sal i lokalavisa, og kommunen tildeler til ny kjøpar etter behovsvurdering.  Etterpå så står Vestbo for sal osv.  Heimetenesta yter tenester.  Prisen på bustadene her vert indeks regulerte.  Vestbo kan svare på priser og gjeldande husleigesats.

Målgruppe

Eldre og andre funksjonshemma med behov for tilpassa bustad og tenester.

 

Vilkår
  • Søkjaren må vera folkeregistrert i Fitjar kommune.
  • Søkjaren må ha behov for kommunale helsetenester.
  • Søkjaren bør kunne bruke tryggleiksalarm og anna velferdsteknologi.
  • Søkjaren må sjølv ynskje og søkje omsorgsbustad.
  • Det må vera ledig omsorgsbustad i kommunen.
  • Ein person med demensdiagnose, med behov for tett oppfølging/tilsyn og mykje bistand i det daglege, vert i utgangspunktet ikkje vurdert for omsorgsbustad.

 

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Lov om pasient- og brukarrettigheter § 2-1a (Rett til nødvendig helsehjelp frå kommunen si 

                                                                             helse- og omsorgsteneste)

Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-7 (Boliger til vanskelegstilte)

 

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til søknaden.

Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt.

 

Søknadsfrist

Søknadane  vert behandla etter kvart som dei kjem inn.

 

Sakshandsaming
  • Tenestekontoret greier ut saka - herunder behovet for tenester og eventuelle hjelpemiddel, - og i den samanheng kva som må liggje føre / vera montert før flytting kan gjennomførast.
  • Gjeld bustadssøknaden langt fram i tid, vert søkjaren sett på ei liste over tidspunkt for ynskje om bustad og type bustad, og Tenestekontoret har ansvar for å leggja saka fram når den er aktuell.
  • Tenestekontoret varslar søkjaren om dette.
  • Tenestekontoret prioriterer søknadane.
  • Søknadane om bustad vert vurdert i inntaksmøte.
  • Bustaden vert tildelt, avslått eller søkjaren vert sett på venteliste.
  • Eigedomsavdelinga sender tilbod om bustad og husleigekontrakt. I brevet til bustadsøkjaren skal det framgå om søknaden er innvilga, avslått eller om søkjaren er sett på venteliste.
  • Ved avslag og venteliste skal grunngjevinga for dette framgå av brevet.
  • Tenestekontoret har oversyn over aktuelle på ventelister og får melding om ledige husbære etter kvart.
  • Brukaren/pårørande tek seg av innflyttinga.

 

Klage

Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):

  • Fristen for å klage er fire veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdera om det er grunn til å gjere endringar. Endeleg avgjerd vert gjort i utval for oppvekst og omsorg i Fitjar kommune. Jmf. Fvl. § 28.
Kontakt oss