Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Omsorgsbustad

Beskrivelse

Oppretta: 19.02.2015 – Sist oppdatert 19.02.2015

Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa rørslehemma og tilrettelagd for at den som bur der skal kunne motta heildøgnsomsorg. Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester blir tatt imot på same vilkår som andre heimebuande.

Målgruppe

Pleietrengjande eldre og funksjonshemma.

 

Vilkår

  • Søkjaren må vera folkeregistrert i Fitjar kommune.
  • Søkjaren må ha behov for kommunale helsetenester.
  • Søkjaren bør kunne bruke tryggleiksalarm.
  • Søkjaren må sjølv ynskje omsorgsbustad.
  • Det må vera ledig omsorgsbustad i kommunen.

 

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Lov om pasient- og brukarrettigheter § 2-1a (Rett til nødvendig helsehjelp frå kommunen si helse- og omsorgsteneste)

Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-7 (Boliger til vanskelegstilte)

 

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til søknaden.

Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt.

 

Søknadsfrist

Søknadane  vert behandla etter kvart som dei kjem inn.

 

Sakshandsaming

  • Tenestekontoret greier ut saka - herunder behovet for tenester og eventuelle hjelpemiddel, - og i den samanheng kva som må liggje føre / vera montert før flytting kan gjennomførast.
  • Gjeld bustadssøknaden langt fram i tid, vert søkjaren sett på ei liste over tidspunkt for ynskje om bustad og type bustad, og Tenestekontoret har ansvar for å leggja saka fram når den er aktuell.
  • Tenestekontoret varslar søkjaren om dette.
  • Tebestekontoret prioriterer søknadane.
  • Søknadane om bustad vert vurdert i inntaksmøte.
  • Bustaden vert tildelt, avslått eller søkjaren vert sett på venteliste.
  • Eigedomsavdelinga sender tilbod om bustad og husleigekontrakt. I brevet til bustadsøkjaren skal det framgå om søknaden er innvilga, avslått eller om søkjaren er sett på venteliste.
  • Ved avslag og venteliste skal grunngjevinga for dette framgå av brevet.
  • Tenestekontoret har oversyn over aktuelle på ventelister og får melding om ledige husbære etter kvart.
  • Brukaren/pårørande tek seg av innflyttinga.

 

Klage

Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):

  • Fristen for å klage er fire veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdera om det er grunn til å gjere endringar. Endeleg avgjerd vert gjort i utval for oppvekst og omsorg i Fitjar kommune. Jmf. Fvl. § 28.
Kontakt oss