Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Heimehjelp

Beskrivelse

Tenesta inneheld nødvendig praktisk hjelp i heimen til alle gjeremål i dagleglivet.

Målgruppe

Personar som har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, rusmiddelmisbruk, alder, eller av andre årsaker.

Vilkår

Heimehjelp blir gitt til dei som ikkje klarer å ha dagleg omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren, avgjer kva for tenester som skal ytast.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova jf. Lov om helse- og omsorgstjenester m.m § 3-2.

Om betaling, sjå Forskrift til lov om sosiale tjenester, kapittel 8.

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å skrive søknaden.

Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

  • Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om tenesta er tildelt eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
  • Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin måned, blir det sendt skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein kan vente at  vedtak blir fatta.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no