Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Gravemelding

Beskrivelse

Formålet med meldinga er å sikre at kommunale trafikkareal ikkje blir påførde skader eller blir kvalitetsmessig forringa på annan måte ved graving i eller nær trafikkareala. Det er også lagt vekt på at eit gravearbeid ikkje skal medføre fare eller unødige ulemper for trafikantar på trafikkareala.

Reglane gjeld for all graving:

  • i kommunale trafikkareal 
  • nær eller inntil kommunale trafikkareal 
  • i grøntareal i og langs kommunale trafikkareal

Døme på kva det må søkjast om:

  • fjerning av masser (grave, hogge tre, sprengje osb.) 
  • leggje frå seg masser (tømmer, stein, containarar, stillas, byggjemateriale osb.) 
  • etablere leidningsanlegg av alle slag, t. d. telefon, elektriske kablar, vatn- og avløpsleidningar, løypestrengar osb. 
  • oppsetjing av byggverk, t. d. kiosk eller murar.

Følgjande krev ikkje søknad:

  • For anna arbeid som berre medfører bruk av utstyr og innretningar på kommunale trafikkareal (plassering av containarar, kraner og utstyr osb.), skal det berre leverast arbeidsvarslingsplan eller riggplan.

Målgruppe

Entreprenørar og private som skal grave i kommunen.

Vilkår

Med søknaden skal det følgje eit kart der området det skal gravast i, er markert. Det skal også påførast gnr./bnr. og adresse til graveområdet.

Lover

Veglova § 30, § 32 og § 57 gjeld på vegen, langs vegen eller nærmare enn 3 meter til offentleg veg. Lova gjeld også over vegen og under vegen.

Kommunale trafikkareal er all veggrunn etter Veglova §1, som er open for alminneleg ferdsel, og som blir halden ved like av kommunen. I kommunale trafikkareal er i denne samanhengen også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg -og trafikkformål. Som trafikkareal reknar ein veg/gate, fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, bruer, grøntanlegg, torg, uterom og anna som står i samband med kommunale trafikkareal.
For graving på riks- og fylkesveg, samt gangveg langs riksveg, må det innhentast løyve frå Statens vegvesen.

For graving i private vegar, sjå kap. VII i veglova, private vegar, Veglova kap. VII. Private vegar

Rettleiing

Det krevst eit graveløyve for kvart gatekvartal. Dersom det blir gravd punktvis (enkelte gravingar) krevst det graveløyve for kvart einskild punkt.

Straks grøfta er gjenfylt/ferdig asfaltert, må ferdigmelding sendast eller leverast kommunen. Ferdigmelding blir skriven ut samstundes med graveløyvet.

For graving på riks- og fylkesveg og gangveg langs riksveg innhentar kommunen løyve frå Statens vegvesen.

For graving i offentleg og privat grunn skal det sendast søknad til kommunen. Kommunen sender søknaden vidare til samarbeidspartnarar og til Vegvesenet. Kommunen er den som gir det endelege løyvet.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no