Godkjenning/melding av frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemd
Beskrivelse
Lokale og utstyr i tatoverings- og holtakingsverksemder skal godkjennast av kommunen. Forskrifta om hygienekrav har til formål å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebyggje overføring av smittsame sjukdomar ved verksemda. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning. Verksemda må meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved store endringar.
Målgruppe
Personar som ønskjer å starte, overta eller flytte frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, helsestudio, solstudio, tatoverings- og holtakingsverksemd.
Vilkår
For å få godkjend verksemda blir det stilt visse krav til
- lokale
- rutinar for internkontroll
- rutinar for å unngå smitteoverføring
Lover
Forskrift om miljørettet helsevern § 14
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om godkjenning.
Sakshandsaming
- Det blir gjerne gjennomført ei synfaring før godkjenning blir gitt.
- For verksemder som berre skal meldast til kommunen, er det nok med ein kort førespurnad til kommunen (ved kommunelegen).
- Kommunen kan granske verksemda, påleggje å rette forhold ved verksemda eller stanse den.
- Tvangsmulkt kan ileggjast, jf. Forskrift om fastsettelse av tvangsmulkt i medhold av lov om helsetjenesten i kommunen. Dersom vilkåra ikkje blir oppfylte, kan godkjenninga trekkjast tilbake.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.