Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fysioterapi

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 29.03.2017

Du kan få tilbod om fysioterapi for å behandle sjukdom eller skade, eller som førebyggjande helsearbeid.

Fysioterapitenesta inngår i det kommunale helsetilbodet og kan mellom anna omfatte:

  • undersøking og utgreiing
  • planlegging av behandlingsopplegg 
  • behandling og rehabilitering
  • gruppetrening

Tenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.

Du kan få fysioterapi uavhengig av om du bur heime eller på institusjon. Bur du heime, kan du få fysioterapeut heim til deg dersom du ikkje er i stand til å reise til eit fysikalsk institutt.

Målgruppe

  • Personar som treng behandling, rettleiing og opptrening etter akutt skade, sjukdom eller operasjon.
  • Personar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for rehabilitering.

Vilkår

Kommunens fysioterapiteneste, lege eller kiropraktor vil undersøkje deg og vurdere om du skal tilvisast til fysioterapi.

Rettleiing

Når du har fått tilvising til behandling, tar du kontakt med eit fysikalsk institutt eller med fysioterapitenesta i kommunen.

Sakshandsaming

Alle som er tilviste til fysioterapeut blir sette på venteliste og behandla fortløpande.

Enkelte diagnosar blir prioriterte og tatt utanom ventelista. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til fysioterapitenesta. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss