Fyrverkeri – handel og oppbevaring
Beskrivelse
Det krevst løyve frå kommunen for å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Løyve til oppbevaring blir gitt av kommunen for mengder til og med 250 kg netto eksplosiv vare. For større mengder blir løyve gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Målgruppe
Den som ønskjer å selje fyrverkeri klasse II og III.
Vilkår
- Verksemda skal utpeike ein kompetent person over 20 år og ein eventuell ansvarleg avløysar som har dokumenterte kunnskapar og politiattest, og som skal vere til stades under salet.
- Verksemda må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og må leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.
- Utsalsstaden må minst oppfylle dei krava som gjeld til ei kvar tid i byggjeforskriftene, og må i tillegg oppfylle ei rekkje andre tryggleikskrav.
- Sal og utlevering blir ikkje tillatt inne i kjøpesenter eller nærmare enn 25 m frå bensinstasjonar.
- Sal til forbrukar kan berre skje i perioden 27. til 31. desember, og skal skje i handelslokale, over disk og av dei tilsette.
- Fyrverkeri som blir selt i Noreg, skal vere godkjent. Godkjenning blir gitt av Norges branntekniske laboratorium på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det skal vere påtrykt eit godkjenningsnummer som omfattar bokstavane NBL, etterfølgt av ei talkode. Godkjenninga skal sikre at fyrverkeriet opptrer som forventa ved bruk og ikkje gjer skade på personar og eigedom.
Lover
Sjå forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff § 1-3 for definisjon av fyrverkeri klasse I-IV
Brann- og eksplosjonsvernloven
Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff § 1-3
Veiledning til handel med fyrverkeri
Rettleiing
Særskilt søknadsskjema er utarbeidd av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at vedtak vil bli fatta.
Kommunen registrerer søknaden og vurderer bygningsmessige forhold ved salsstaden og lagringsstaden. Kommunen vil også vurdere kompetansen til ansvarshavande/ansvarleg avløysar (dokumentasjon om gjennomført kurs).
Søknadfrist: innan 30. april i salsåret.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Klageinstans er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka sendast til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå DSB eller frå kommunen.