Fylling og planering av terreng
Beskrivelse
Ved mindre fylling eller planering av terreng på eiga tomt er det ikkje søknadsplikt etter plan- og bygningslova. Det er likevel ei rekkje vilkår som må vere oppfylte.
Dersom du ønskjer å fylle ut eller planere på eiga tomt, og dette vil medføre vesentlege endringar, må det sendast inn søknad til plan- og bygningsetaten i kommunen.
Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du uansett sende ein søknad.
Målgruppe
Tomteeigarar
Vilkår
For at arbeidet skal bli rekna som eit mindre tiltak utan søknadsplikt, må desse vilkåra vere oppfylte:
Generelle vilkår
- Tiltaket fører ikkje til fare eller ulempe for omgivnadene.
- Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova.
- Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplanen eller utbyggingsplanen.
Særskilte vilkår
- Tiltaket må ikkje føre til meir enn 3,0 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i spreiddbygde strok.
- Tiltaket må ikkje føre til meir enn 1,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i tettbygde strok.
- Tiltaket må ikkje føre til meir enn 0,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå på eigedom for rekkje- eller kjedehus.
- Avstand frå fyllingsfoten til nabogrensa må vere minst 2,0 meter.
- Endringar i terrenget må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg.
Rettleiing
Du treng ikkje å sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket er i samsvar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for nærmare informasjon.
Dersom tiltaket vil føre til vesentlege endringar (sjå vilkåra), skal det søkjast kommunen om løyve, på same måte som andre søknadspliktige tiltak.
Sakshandsaming
Når tiltaket vert rekna som søknadspliktig, skal saka behandlast av kommunen innan tre veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er motteken.
Klage
Tiltak som er unnatekne søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar eller andre. Dei må eventuelt be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om det skal takast omsyn til innvendingane.
Kommunen kan, i spesielle tilfelle, konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller vurdere det slik at tiltaket fører med seg sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan klagast på av partane, søkjaren eller av naboane.
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.