Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Forskotstrekk av skatt (tilsett)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 29.06.2017

Har du ein jobb og får utbetalt lønn, skal du betale skatt til det offentlege av det du tener i løpet av året. Arbeidsgivaren din trekkjer ut eit beløp av kvar einaste lønning og betaler inn til skatteoppkrevjaren i kommunen på vegner av deg. Dette blir kalla forskotstrekk.

Kor mykje du skal betale i skatt kjem an på kor mykje du tener. Arbeidsgivaren skal trekkje skatt etter det som går fram av skattekortet ditt, enten etter ein trekktabell eller med ein bestemt prosent. Arbeidsgivaren din hentar skattekortet elektronisk hos Skatteetaten.

Reknar du med å tene mindre enn 50 000 kroner (fribeløpet) i løpet av året, treng du ikkje å betale skatt. Då kan du bestille frikort på nettsida til Skatteetaten og gi beskjed om dette til arbeidsgivaren. Hugs at du må bestille nytt frikort kvart år!

Ver merksam på:

  • Dersom du ikkje har skattekort eller frikort, vil arbeidsgivaren trekkje 50 % av lønna di.
  • Har du tabellkort og fleire arbeidsgivarar, må du gi dei beskjed om dei er hovudarbeidsgivar (der du tener mest) eller biarbeidsgivar. Får du pengar frå NAV, blir dei også rekna som arbeidsgivar i denne samanhengen.
  • Hovudarbeidsgivaren skal trekkje skatt etter ein trekktabell, medan biarbeidsgivarar skal trekkje skatt i prosent.
  • Du bør be om nytt skattekort dersom det har skjedd endringar som påverkar privatøkonomien din, for eksempel at du endrar kor mykje du jobbar, kjøper bustad, tar opp lån eller får barn.

Du skal få lønnsslipp frå arbeidsgivaren kvar gong du får lønn. Lønnsslippen er di kvittering for at arbeidsgivaren har trekt skatt av lønna di. Du skal også få ei oversikt over det totale skattetrekket (lønns- og trekkoppgåve) kvart år i januar.

Målgruppe

  • Arbeidstakarar
  • Arbeidsgivarar

Vilkår

Arbeidsgivaren skal trekkje skatt av:

  • lønn og honorar
  • godtgjersle du får som medlem av styre, representantskap, utval, råd eller liknande
  • ytingar du får i staden for arbeidsinntekt, f.eks. dagpengar
  • pensjon, livrente, støtte osv.
  • feriepengar du får utbetalt same året som du har tent dei, f.eks. ved byte av jobb
  • sjukepengar som arbeidsgivaren betaler ut og seinare får refundert frå NAV

Arbeidsgivaren skal ikkje trekkje skatt av:

  • ordinære feriepengar du får utbetalt i ferieåret (året etter at du har tent dei)
  • del av lønn før jul 
  • pensjon i desember månad (unntatt pensjonar du skal betale kjeldeskatt av)
  • underhaldsbidrag og føderåd

Lover

Skattelova kap. 5 (Alminneleg inntekt – bruttoinntekter)

Skattebetalingslova kap. 5 (Forskotstrekk)

Skattebetalingsforskrifta del II (Forskot på skatt og avrekning)

Rettleiing

Som arbeidstakar vil du kvart år i desember få informasjon frå Skatteetaten om skattekortet for neste år. Får du ikkje slik informasjon før 9. januar, kan det vere at Skatteetaten ikkje har nok opplysningar om deg. Då kan du bestille skattekort sjølv.

Reknar du ikkje med å tene meir enn 50 000 kroner i løpet av året, kan du bestille frikort. Skjer det endringar som påverkar privatøkonomien din, kan du endre skattekortet.

Arbeidsgivaren sørgjer for betaling av forskotstrekket på dine vegner. Arbeidsgivaren skal kvar månad levere inn ei a-melding til Skatteetaten og får då vite korrekt betalingsinformasjon (beløp, KID- og kontonummer) i kvitteringa. Betaling av forskotstrekket skjer i seks terminar til skatteoppkrevjaren i kommunen:

  • Termin 1: januar og februar – betalingsfrist 15. mars
  • Termin 2: mars og april – betalingsfrist 15. mai
  • Termin 3: mai og juni – betalingsfrist 15. juli
  • Termin 4: juli og august – betalingsfrist 15. september
  • Termin 5: september og oktober – betalingsfrist 15. november
  • Termin 6: november og desember – betalingsfrist 15.januar (påfølgjande år)

Dersom arbeidsgivaren ikkje betaler inn forskotstrekket før fristen, vil det komme på forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Viss betalinga ikkje kjem, vil skatteoppkrevjaren tvangsinnkrevje beløpet frå arbeidsgivaren.

Klage

Alt som er betalt inn som forskotstrekk vil gå fram av det årlege skatteoppgjeret ditt. Meiner du at noko av forskotstrekket ikkje er tatt med i skatteoppgjeret, må du klage til skatteoppkrevjaren i kommunen. Forklar kva du meiner er feil og legg ved dokumentasjon.

Kontakt oss