Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Forskotsskatt (næringsinntekt for enkeltperson)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.11.2017

Driv du eit enkeltpersonføretak eller er eigar (deltakar) i eit ansvarleg selskap (ANS), skal du betale skatt av det verksemda tener. Skatten skal betalast på forskot til skatteoppkrevjaren i kommunen fire gonger i året. Størrelsen på forskotsskatten blir fastsett av Skatteetaten og er berekna ut frå overskotet i verksemda året før.

Skatteoppkrevjaren vil sende deg innbetalingsblankettar for betaling av forskotsskatten. Er du nyetablert, må du melde frå til Skatteetaten om verksemda di slik at du kan få tilsendt innbetalingsblankettane. Dette gjer du ved å endre skattekortet ditt og gi opp kor stort overskot (eller underskot) du ventar det første året.

Målgruppe

  • Personar som driv enkeltpersonføretak
  • Personar som er eigar (deltakar) i ansvarleg selskap

Vilkår

Dersom du ikkje betaler ein termin av forskotsskatten innan fristen, kan kommunen krevje at du betaler inn forskotsskatten for heile året. Du vil få eit varsel om tvangsinnkrevjing av det uteståande beløpet. Det vil komme på forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer.

Betaler du ein ubetalt termin så fort som mogeleg, unngår du tvangsinnkrevjing av forskotsskatten for heile året. Du unngår også betalingsmerknad og kan betale dei seinare terminane til vanleg forfall.

Lover

Skattebetalingslova kap. 6 (Forskotsskatt - personlege og upersonlege skattytarar)

Skattebetalingsforskrifta del II (Forskot på skatt og avrekning)

Rettleiing

Forskotsskatten forfell til betaling fire gonger i året:

  • 15. mars
  • 15. mai
  • 15. september
  • 15. november

Skatteoppkrevjaren sender deg innbetalingsblankettar før kvart forfall med konto- og KID-nummer.

Skjer det endringar som påverkar inntekta i verksemda, kan du endre skattekortet.

Kontakt oss