Forliksråd
Beskrivelse
Forliksrådet er ein av våre vanlege domstolar. Sivile tvistar skal som hovudregel behandlast av forliksrådet før dei eventuelt går til tingretten. Forliksrådet skal alltid prøve å mekle mellom partane, og kan også i mange tilfell avseie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad. Det vil mellom anna seie at ei avgjerd i forliksrådet blir ståande dersom den ikkje går til tingretten, og den kan tvangsfullbyrdast via namsmannen.
Det er eitt forliksråd i kvar kommune. Forliksrådet er sett saman av tre valde, faste medlemer og tre varamedlemer. Medlemene blir valde av kommunen.
Målgruppe
Personar eller firma som har eit krav mot ein annan person eller eit firma.
Rettleiing
Det er ein fordel at ei forliksklage blir levert skriftleg, men du har også rett til å leggje den fram munnleg ved personleg frammøte. I forliksklaga må det kort opplysast kva som krevst, og grunnlaget for dette. Du må dessutan oppgi utførleg namn og adresse til den som er innklaga.
Sakshandsaming
Viktig dokumentasjon, til dømes faktura, betalingsavtale o.l., skal leggjast ved forliksklaga.
Den vanlege foreldingsfristen er tre år rekna frå det tidspunktet kreditoren fekk, eller burde ha fått, kjennskap til kravet. Finn forliksrådet at eit krav er forelda, vil det bli avsagt dom for frifinning.
Klage
Dommar i forliksrådet kan innan éin månad ankast til tingretten. Vilkåra for å anke eit rettforlik er avgrensa.