Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Fellingsløyve

Beskrivelse

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr, villrein og bever blir tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.

Grunneigaren kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for vald som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanar. Godkjende villreinvald får tildelt fellingsløyve for kvart enkelt  jaktår.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar.

Vilkår

Det må ligge føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr, villrein og bever. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Rettleiing

Det skal ikkje søkjast om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til valdansvarleg representant. Dersom det ligg føre ein godkjend plan for bestanden, blir alle fellingsløyve skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet likevel blir skrive ut for kvart enkelt jaktår.

Klage

  • Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.
  • Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gi deg rettleiing.
  • Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak gjort av villreinnemnda. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no