Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 25.03.2017

Brann- og feiarvesenet skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg i heilårsbustader. Som fyringsanlegg reknar ein mellom anna eldstad, pipe, sotluke eller feieluke, røykrøyr og brannmur. Kor ofte brann- og feiarvesenet feiar eller utfører tilsyn, avheng mellom anna av kva slags oppvarmingssystem du har og kor ofte du fyrer.

Feiing og tilsyn skal medverke til å:

  • unngå pipebrann og brann i bygningar
  • avgrense forureining og helsefare
  • redusere fyringsutgifter

Ved eit tilsyn vil feiaren:

  • gå gjennom heile fyringsanlegget, sjekke branntryggleiken og kontrollere om pipa treng feiing
  • kontrollere brannslokkingsutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar
  • gi informasjon om brannvern og korrekt fyring

Eig du ein fritidsbustad der det er behov for feiing eller tilsyn, kan du avtale dette med brann- og feiarvesenet.

Målgruppe

Eigar av og bebuar i bustad med fyringsanlegg.

Vilkår

Ved tilsyn må du vere heime når brann- og feiarvesenet kjem, slik at du kan vise feiaren rundt i bustaden. Kan du ikkje sjølv vere heime, må ein annan som kjenner bustaden godt vere til stades.

Ved feiing må du:

  • gi tilgang til huset for feiing via feieluke og fjerning av sot frå sotluke
  • setje fram godkjend metallstige ved feiing frå tak
  • ikkje bruke eldstaden på feiedagen og stengje spjeld og ventilar

Har du sett inn ny eldstad eller gjort endringar på fyringsanlegget, må du melde frå om dette til brann- og feiarvesenet.

Lover

Brann– og eksplosjonsvernlova kap. 3 (Kommunars plikter og fullmakter)

Forskrift om brannførebygging kap. 2 (Førebyggande plikter for eigaren av byggverk)

Forskrift om brannførebygging kap. 4 (Kommunens førebyggande plikter)

Rettleiing

Du får varsel om feiing og tilsyn i forkant. Viss tidspunktet ikkje passar, må du snarast mogeleg kontakte brann- og feiarvesenet for å avtale nytt tidspunkt.

Har du ikkje gjort klart for feiing når feiaren kjem, vil ikkje feiinga bli utført.

Sakshandsaming

Etter tilsyn vil du få ein tilsynsrapport. Dersom feiaren har oppdaga feil eller manglar som ikkje kan rettast på staden, vil rapporten beskrive kva du må rette og gi ein frist for tilbakemelding. Gir du ikkje tilbakemelding om når forholda skal rettast eller har blitt retta, kan brann- og feiarvesenet gi deg pålegg om retting.

Klage

Er du usamd i det som står i tilsynsrapporten eller oppfattar noko som uklart, bør du ta kontakt med brann- og feiarvesenet.

Kontakt oss