Fasadeendring
Beskrivelse
Vesentleg endring av fasaden
Dersom planlagt fasadeendring på huset fører til at utsjånaden av bygningen blir vesentleg endra, må det søkjast kommunen om løyve. Ein kan ikkje ta til med endringa før løyve er gitt av kommunen.
Søknaden skal sendast inn av eit firma med rett kompetanse (ansvarleg søkjar), til dømes ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. I enkelte tilfelle kan kommunen etter søknad gi eigaren av bygningen ein personleg rett (ansvarsrett) for gjennomføringa av endringa som sjølvbyggjar.
Mindre endring av fasaden
Dersom det skal gjerast mindre endringar av fasaden, kan endringa gjerast av tiltakshavaren sjølv, som sjølvbyggjar, utan bruk av ansvarleg firma. Tiltakshavaren sender sjølv inn søknaden med nabovarsel.
Målgruppe
For å kunne setje i gong tiltaket, må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon) vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:
- Nabovarsling må vere send.
- Tiltaket må vere i samvar med føresegna om estetikk i plan- og bygningslova.
- Titaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav.
- Tiltaket må ikkje vere i strid med reguleringsplanen eller arealdelene i kommuneplanen.
Rettleiing
Søknaden må vere fullstendig før kommunen kan behandle saka.
Sakshandsaming
Saksbehandlingstid innan 3 veker
Dersom kommunen vurderer det slik at fasadeendringa ikkje er vesentleg, at søknaden er i samsvar med føresegnene i lova og at det ikkje ligg føre merknader frå naboane, må kommunen gi løyve innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan denne fristen, reknar ein løyvet som gitt.
Saksbehandlingstid innan 12 veker
Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er svært komplisert, krev ekstra politisk avklaring, løyve eller samtykke frå andre etatar.
Jf. pbl. § 21-4 og 21-7, andre avsnittet.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.