Farleg avfall
Beskrivelse
Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 11.12.2019
Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan medføre forureining eller skade på menneske og dyr.
Eksempel på farleg avfall frå hushald er:
- Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
- Maling, lim, lakk og løysemiddel
- Sprayboksar som inneheld farlege stoff
- Oppladbare batteri
- Elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall)
- PCB-haldige isolerglasruter
- Asbesthaldige material
- Impregnert trevirke
Kommunen har ansvar for å gi deg eit tilbod om levering av farleg avfall. Tilbodet kan bestå av betente mottak, miljøstasjonar, miljøbuss eller henteordningar. For enkelte avfallstypar finst det eigne returordningar som legg til rette for innsamling, forsvarleg behandling og gjenvinning av avfallet.
Målgruppe
- Hushald
- Mindre verksemder
Vilkår
Kommunen pliktar å ta imot:
- inntil 1000 kg farleg avfall per år per hushald eller verksemd
- inntil 500 kg PCB-haldige isolerglasruter per år per hushald eller verksemd
Lover
Avfallsforskriften kap. 11 (Farleg avfall)
Rettleiing
Kontakt kommunen for å få vite kvar du kan levere det farlege avfallet ditt. Når du leverer avfallet, må det gå tydeleg fram kva type farleg avfall det gjeld.