Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Familiebarnehage – etablering

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 21.02.2017

Ein familiebarnehage er barnehage for små barnegrupper (opptil fem barn) som held til i ein privat heim. For kvar barnegruppe skal det vere ein vaksen. Det blir ikkje stilt krav til pedagogisk utdanning, men familiebarnehagen må inngå samarbeid med ein barnehagelærar som skal rettleie den tilsette. Familiebarnehagen skal som hovudregel vere eit fellesskap mellom minst to heimar, eller mellom minst ein heim og ein vanleg barnehage.

Ønskjer du å starte opp ein familiebarnehage, må du søkje kommunen om godkjenning. Du kan enten arbeide der sjølv eller tilsetje ein annan. Familiebarnehagen er underlagd dei same krava som barnehagar, og det blir mellom anna stilt krav til:

  • utforming og innreiing av opphaldsrom og uteområde
  • barna sine høve til aktivitet og ulike behov for kvile
  • reingjering og vedlikehald
  • inneklima og luftkvalitet
  • førebygging av skader og ulukker

Målgruppe

Personar som ønskjer å starte familiebarnehage.

Vilkår

  • Drifta går føre seg i små barnegrupper i private heimar. Det må vere minst to barn til stades, inkludert eigne barn under skolealder som tar del i ordninga. Minst halvparten av barna må vere andre enn dei eigne barna i heimen. 
  • Ein heim kan godkjennast for maksimalt fem barn over tre år som er til stades samtidig. Ein heim som er eigna for det, kan godkjennast for dobbelt gruppe med maksimalt ti barn over tre år som er til stades samtidig. Er fleirtalet av barna under tre år, må talet på vaksne aukast.
  • Tilsette skal få rettleiing av ein barnehagelærar svarande til 1,25 timar per barn per veke. 
  • Familiebarnehagen skal ha eigne vedtekter og årsplan. Desse blir utforma av den enkelte familiebarnehagen sjølv.
  • Familiebarnehagen har arbeidsgivaransvar og ansvar for at drifta er i samsvar med gjeldande lover og reglar.
  • Familiebarnehagen skal finansierast ved foreldrebetaling og offentleg driftstilskot.

Rettleiing

I søknaden om godkjenning til kommunen må du dokumentere korleis du vil planleggje, etablere, drive og vidareutvikle verksemda i samsvar med vedtektene i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. For å starte familiebarnehage må heimen din bli godkjend av kommunen som lokale for barnehagen. Ei synfaring vil derfor bli gjennomført. Du kan kontakte kommunen for meir informasjon om godkjenning.

Om du ønskjer å samarbeide med andre barnehagar, vil kommunen kunne hjelpe deg med å komme i kontakt med desse. Dei kan òg hjelpe deg med å rekruttere ein barnehagelærar som pedagogisk rettleiar.

Barnehagen kan opne når godkjenning, tilsetjing og vedtekter er på plass. Du får utbetalt det offentlege tilskotet etter at kommunen har godkjent verksemda.

Du som eig familiebarnehagen og familiebarnehagen sine lokale må leggje fram ein godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Det same gjeld for dei av familiemedlemane dine som vil vere i direkte kontakt med barna i barnehagen.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Godkjenning vil bli gitt i form av eit vedtaksbrev.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Klagen sender du til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss