Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Ergoterapi

Beskrivelse

Ergoterapi skal hjelpe menneske  til å fungere optimalt i kvardagen når dei har problem med å utføre daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetjing. Ergoterapi inneber mellom anna:

  • trening av daglege gjeremål eller andre aktivitetar som krev spesielle evner 
  • tilpassing av aktivitetar, t. d. arbeidsvanar 
  • kompensering for tapt funksjon med tekniske hjelpemiddel 
  • tilrettelegging for aktiv fungering i heim, barnehage og skule 
  • rettleiing, informasjon og undervisning 
  • tilrettelegging og endring av bustad og/eller bustadplanlegging

Målgruppe

Personar som har vanskar med å klare daglege aktivitetar eller som står i fare for å få vanskar i samband med alder, funksjonshemming, sjukdom eller skade.

Vilkår

Kommunen vil på fagleg grunnlag undersøkje og vurdere behovet for ergoterapi.

Lover

Ergoterapi er ikkje ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Tenesta utfyller fysioterapi og andre tenester som blir gitt der rehabilitering er formålet.

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-2

Forskrift for sykehjem... § 2-1

Forskrift om habilitering og rehabilitering

Begrensninger i helsepersonells adgang til å motta gave ... (rundskriv)

Rettleiing

Kommunen kan gi rettleiing til å søkje om ergoterapi.

Dersom andre søkjer på vegne av deg, må dei ha fullmakt.

Førespurnader til kommuneergoterapeut kan vere både skriftleg og munnleg frå brukaren sjølv eller frå samarbeidspartnarar.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal det givast skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når det kan ventast at vedtaket vil bli fatta.

Klage

  • Dersom det ikkje er mottatt nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan dette etter kommunehelsetenestelova påklagast til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
  • Klaga må innehalde ein omtale av kva for forhold det blir klaga på. Den bør også innehalde ein omtale av kva ein ønskjer endra og ei grunngjeving for dette.
  • Kommunen vil kunne gi rettleiing. Klaga skal sendast til den instans i kommunen som har behandla saka. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir klaga vidaresend til Helsetilsynet i fylket.
  • Som mottakar av helsetenester, kan det etter pasientrettslova også klagast til Helsetilsynet på sjølve måten tjenesta er utførd på. Klaga skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at ein gir høve til å løyse saka på lågaste nivå.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no