Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Eigedomsskatt – utsetjing, nedsetjing eller ettergiving

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.04.2017

Du kan søkje om å få utsett betalinga av skuldig eigedomsskatt. Du kan også søkje om å få nedsett eller ettergitt eigedomsskatten dersom det har oppstått forhold som gjer det svært urimeleg å krevje han inn.

Eigedomsskatt er ein skatt basert på verdien til ein fast eigedom. Den økonomiske situasjonen din som grunneigar har ingen innverknad på utmålinga av skatten. Det er bustadverdien fastsett av Skatteetaten som er grunnlag for utrekninga av eigedomsskatten.

Kommunestyret bestemmer om det skal vere skatt på eigedommar i kommunen.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagde eigedomsskatt.

Vilkår

Du har ikkje krav på utsett betaling, men når det ligg føre særlege grunnar kan du, etter avtale med skatteoppkrevjaren i kommunen, få utsett betalinga.

Du har heller ikkje krav på nedsetjing eller ettergiving av eigedomsskatt, men du kan få det dersom det har oppstått forhold som gjer det særleg urimeleg å halde fast ved skatten heilt eller delvis. Eksempel på forhold som kan gjere det særleg urimeleg, er sjukdom, brann eller naturkatastrofar.

Rettleiing

For å få betalingsutsetjing, nedsetjing eller ettergiving må du sende ein søknad til kommunen. Du må leggje ved dokumentasjon på alle økonomiske forhold. Kommunen kan også setje ned skatten på eige initiativ.

Dersom bustadverdien er feil, kan du kontakte Skatteetaten.

Sakshandsaming

Det er skatteoppkrevjaren i kommunen som behandlar søknad om utsett betaling av eigedomsskatten.

Har du søkt om nedsetjing eller ettergiving av eigedomsskatten, er det formannskapet i kommunen som behandlar søknaden etter at skatteoppkrevjaren har uttalt seg.

Klage

Du har ingen lovfesta rett til å klage, men du kan klage på feil saksbehandling til Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen kan ikkje gjere om vedtaket, men kan gi deg medhald dersom saksbehandlinga har vore feil. I så fall skal saka tilbake til kommunen for behandling i skatteutvalet. Du kan søkje på nytt dersom du meiner at det manglar viktig informasjon i saka eller at situasjonen din har endra seg.

Kontakt oss