Eigedomsskatt – nedsetjing og ettergiving
Beskrivelse
Eigedomsskatt blir ilagd eigedomar i kommunen. Det er dei politiske organa i kommunen som fastset om det skal innførast eigedomsskatt. Eigedomsskatten kan nedsetjast eller ettergjevast dersom det har oppstått forhold som vil gjere det svært urimeleg å innkrevje eigedomsskatten. Skatten kan nedsetjast heilt eller delvis.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedomar som er ilagde eigedomsskatt.
Vilkår
Eigedomsskatten kan bli nedsett eller ettergitt heilt eller delvis dersom det har oppstått forhold som gjer det særleg urimeleg å oppretthalde skatten. Døme på forhold som kan gjere det særleg urimeleg, er sjukdom, brann eller naturkatastrofar. Skatteytaren har ikkje krav på nedsetjing eller ettergiving.
Lover
Rettleiing
Nedsetjing kan skje etter søknad frå skatteytaren. Kommunen kan også på eige initiativ setje ned skatten.
Sakshandsaming
Avgjerda om nedsetjing skal fattast av formannskapet. Før formannskapet fattar vedtak, skal skatteutvalet i kommunen uttale seg.
Klage
- Det er ingen lovbestemt rett til å klage.
- Det kan klagast på feil saksbehandling til Sivilombudsmannen. Sivilombudsmannen kan ikkje omgjere vedtaket, men kan gi medhald i at saksbehandlinga har vore feil. I så fall skal saka tilbake til ny behandling i skatteutvalet. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore godt nok granska, eller at situasjonen har endra seg.