Eigarseksjonering
Beskrivelse
Eigarseksjonering er ein måte å dele opp eigarinteressene i ein eigedom på når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg.
Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokkar og horisontaldelte to- og firemannsbustader.
Ein eigarseksjon er ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og pantsetjast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane
Målgruppe
Hus- og bygningseigarar
Vilkår
For å få etablert ein seksjon må brukseininga (-ane) vere godkjend(e) etter reglane i plan- og bygningslova for det formålet den skal tene.
Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførde før seksjoneringa kan skje.
- Det må knyttast einerett til bruk av brukseininga
- Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedomen
- Inndelinga må gi ei formålstenleg avgrensing av kvar brukseining
Lover
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om eigarseksjonering.
Vedlegg til søknaden:
- Planteikningar
- Situasjonsplan - kart over eigedomen som skal seksjonerast
- Vedtekter
- Namneliste over dei som bur der
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.