Dagtilbod - aktivitetstilbod
Beskrivelse
Tenesta er eit tilbod til menneske som bur heime, og som kan ha behov for:
- å kome seg ut av eit isolert tilvære heime
- aktivisering og rehabilitering
- avlasting for pårørande
Målgruppe
Heimebuande eldre, psykisk utviklingshemma, funksjonshemma, personar med psykiske lidingar m.m.
Vilkår
Heimebuande utan alternative tilbod.
Lover
Dagtilbod er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast for å dekkje eit hjelpebehov som gir rett til tenesta etter helse- og omsorgstenestelova.
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-3
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dagopphald, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Sakshandsaming
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at vedtaket vil bli fatta.
Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.