Dagmamma - godkjenning
Beskrivelse
Det krevst godkjenning frå kommunen for å vere dagmamma for tre barn eller fleire, og ein må kunne tilby regelmessig opphald på vekebasis for 10 timar eller meir.
Verksemda skal ta omsyn til barna si helse og trivselen deira. Det blir mellom anna stilt krav til:
- utforming og innreiing av lokala
- høve til aktivitet og kvile
- reingjering og vedlikehald
- inneklima
Målgruppe
Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd.
Vilkår
- Tre eller fleire barn (medrekna eventuelle eigne barn)
- Opphaldstid per veke er 10 timar eller meir
- Verksemda er regelmessig
- Det blir betalt for tilsynet
Faktahefter om barns miljø og sikkerhet kan lastes ned frå Helsedirektoratets internettside:
Barns miljø og sikkerhet, 6 måneder - 2 år
Lover
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for nærmare informasjon om godkjenning.
Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing om korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal det givast skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein kan vente at vedtak blir fatta.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.