Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Dagmamma – godkjenning av verksemd

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.03.2017

Skal du jobbe som dagmamma med ansvar for tre eller fleire barn samtidig, må du søkje om godkjenning frå kommunen. Du treng godkjenning berre dersom du skal tilby regelmessig opphald på ti timar eller meir kvar veke.

Du er underlagd dei same krava som for barnehagar, og det blir mellom anna stilt krav til:

  • utforming og innreiing av opphaldsrom og uteområde
  • barna sitt høve til aktivitet og ulike behov for kvile
  • reingjering og vedlikehald
  • inneklima og luftkvalitet
  • førebygging av skader og ulukker

Målgruppe

Personar (menn og kvinner) som ønskjer å starte dagmammaverksemd.

Vilkår

  • Talet på barn er tre eller fleire (inkludert eventuelle eigne barn).
  • Opphaldstid per veke er ti timar eller meir. 
  • Verksemda er regelmessig. 
  • Du tar betalt for arbeidet.

Rettleiing

I søknaden til kommunen om godkjenning må du informere om kor mange barn du vil vere dagmamma for. Du må dokumentere korleis du vil planlegge, etablere, drive og vidareutvikle verksemda i samsvar med vedtektene i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar.

Du kan kontakte kommunen for meir informasjon om godkjenning.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Godkjenning vil bli gitt i form av eit vedtaksbrev.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss