Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Byggavfall - kjeldesortering

Beskrivelse

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld også tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda av byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning. Kommunen skal godkjenne avfallsplanen før det blir gitt igangsetjingsløyve etter plan- og bygningslova. Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.

Målgruppe

Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande foretak.

Vilkår

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

  • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal 
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter

Rettleiing

Det blir tilrådd å nytte ein mal som Statens forureiningstilsyn har utarbeidd for avfallsplan og sluttrapport. I samband med rehabilitering og riving skal det også lagast ei eiga utgreiing om miljøsanering for farleg avfall.

I avfallsplanen gir du:

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast.

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vere:

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass).

Sakshandsaming

Du må sende avfallsplan og eventuell miljøsaneringsomtale til kommunen i god tid før tiltaket er planlagt igangsett, fordi det kan mangle opplysningar som vi treng før vi kan gi igangsetjingsløyve. Sluttrapporten bør leverast oml. 45 dagar etter at tiltaket er avslutta, slik at alle kvitteringar frå avfallsmottaket er på plass.

Saksbehandlingstida vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak.

For tiltak som både:

  • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
  • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsomtale

vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsomtale vere nært knytta opp mot byggjesaksbehandlinga. Du kan ikke igangsetje arbeidet før avfallsplanen og eventuelt miljøsaneringsomtalen er godkjend.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no