Bygdeutviklingsmidlar - bedriftsretta tiltak
Beskrivelse
Bygdeutviklingsmidlar, som går inn under jordbruksavtalen, skal leggje til rette for næringsutvikling i jordbruket, desentralisert busetnad og gi like vilkår for kvinner og menn.
Bygdeutviklingsmidlar er inndelte i to hovudgrupper:
- Midlar til utgreiings- og tilretteleggjingstiltak som kommunar, lag og organisasjonar kan søkje på, og som blir forvalta av Fylkesmannen (ikkje nærmare omtalt her) .
- Midlar til bedriftsretta tiltak som den einskilde gardbrukar kan søkje på, og som blir forvalta av distriktskontora til Innovasjon Norge.
Bedriftsretta tiltak kan vere:
- Etableringsstipend (oppstart av tilleggsnæring)
- Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring)
- Investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring)
- Generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar mv. i samband med generasjonsskifte)
- Praktikantordningar
Målgruppe
Landbruksforetak og foretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.
Vilkår
Søknaden blir vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Norge.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing og hjelp til å søkje Innovasjon Norge om bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar.
Sakshandsaming
Søkjaren skal innan ein månad etter at Innovasjon Norge har motteke søknaden, motta eit førebels svar som fortel kven som er saksbehandlar, og kva som er pårekna saksbehandlingstid.
Kommunen tar imot søknad om bygdeutviklingsmidlar til bedriftsretta tiltak, vurderer søknaden og vidaresender han til distriktskontoret til Innovasjon Norge for endeleg avgjerd.
Prosjektplan/forretningsplan skal følgje søknaden.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.