Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Bustønad

Beskrivelse

Bustønad er ei statleg stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunen. Bustønad kan du søkje dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter. Det blir stilt visse krav til husstanden og til bustaden. Ordninga er behovsprøvd.

Målgruppe

  • Barnefamiliar 
  • Trygda personar
  • Sosialt vanskelegstilte 
  • Personar med introduksjonsstønad (flyktningar)

Vilkår

Krav til husstanden er at éin person i husstanden må ha rett til stønad. Den personen som har rett til stønad er:

  • barn under 18 år eller person over 65 år 
  • person med visse typer av trygder/pensjonar frå det offentlege 
  • person som har sosial stønad som einaste inntekt, og som varer minst eitt år

Krav til bustaden: 

  • Det  må vere heilårsbustad med kjøkken, bad, opphaldsrom, soverom og eigen inngang. Han må som hovudregel vere over 40 m2 utanom fellesareal. 
  • For nokre typer bustader blir det  også stilt  krav til korleis bustaden er finansiert

Det finst ei rekkje unntak frå krava.

Lover

Husbanken/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. Ordning for bostøtte.

 

Rettleiing

Det  må sendast skriftleg søknad om bustønad. Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søknaden.

Kommunen tek imot søknadene, registrerer dei og opprettheld kontakten med søkjaren. Husbanken gjer det formelle vedtaket.

Informasjon om bostøtteordninga 

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen følgjer reglane til Husbanken:
Det er frå og med september 2007 innført månedlege vedtak og utbetalingar i bustønadssaker. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad og eventuell utbetaling skjer månaden etter.

Dersom du får innvilga bustønad for ein termin (månad), blir bustønadssaka automatisk kopiert vidare med mindre du har flytta. Sjå elles tidsplanen under.

Termin:  Månadleg 
Søknadsperiode*): 1. i kvar månad  
Søknadsfrist: 14. i kvar månad 
Utsending av vedtak: ca. 10. i månaden etter
*) Husstands- og bustadsopplysningar blir lagde til grunn per situasjonsdato når bustønaden  blir utrekna.

Ved flytting må alle i husstanden vere busette og registrerte i Folkeregisteret seinast på søknadsdatoen. Vedtak om pensjon/trygdeytingar må vere fatta før søknadsdatoen.

 

Sakshandsaming

  • Saksbehandleren i kommunen registrerer opplysningane frå søknaden din.
  • Det blir innhenta opplysningar maskinelt frå ei rekkje offentlege instansar som til dømes Folkeregisteret og Rikstrygdeverket. Det blir sendt ut ei førehandsmelding dersom det er feil og manglar ved søknaden, dersom opplysningar er sletta, eller for å varsle om visse typer avslag.
  • Rett etter at terminen har gått ut (12 terminar i året) får du vedtaket sendt heim til deg.
  • Utbetaling skjer etterskotsvis den 10. kvar månad.  
  • Dersom du har fått positivt vedtak og ikkje har flytta under terminen, blir søknaden din kopiert over til neste termin.
  • 1. januar kvart år blir det sendt ut ein førehandsutfylt søknad. Er det opplysningar som skal endrast, skal skjemaet korrigerast og sendast saman med dokumentasjon til bustønadskontoret i kommunen.

Klage

  • Klagen skal sendast via Servicekontoret i kommunen innan tre veker frå vedtaket vart mottatt.
  • Alle klager blir behandla av Husbanken (ved det respektive regionkontoret).
  • Klagen må vere skriftleg. Hugs alltid å oppgi kva for termin det gjeld, namn, adresse, fødselsnr. og bustadskommune. 
  • Klagen må innehalde dei opplysningane du meiner har noko å seie for saka. 
  • Klagen skal underteiknast.
  • Behandlingstida er for tida to til fire månader. 
  • Saksbehandleren i kommunen kan hjelpe deg å klage.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no