Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Bustad og fritidsbustad – bygging

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 21.02.2017

Skal du byggje bustad eller fritidsbustad, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at du ikkje kan starte før løyve er gitt.

Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før oppstart må nødvendig prosjektering vere gjennomført, og alle handverkarar (firma) ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.

Dersom du sjølv har den nødvendige kompetansen, kan kommunen gi deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar), og du må då søkje om personleg ansvarsrett.

Målgruppe

Eigar eller festar av tomt

Vilkår

For å kunne starte tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande reglar) vere godkjend av kommunen. Følgjande kriterium må vere oppfylte: 

  • Nabovarsling må vere utført. 
  • Bustaden må planleggjast i samsvar med dei generelle krava i plan- og bygningslova og eventuelle reglar i regulerings- eller bygningsplanen til kommunen.
  • Estetisk utforming må tilfredsstille dei generelle krava i plan- og bygningslova og eventuelle tilvisingar i regulerings- eller bygningsplanen til kommunen. 
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav. 
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med kommuneplanens arealdel, reguleringsplan eller bygningsplan på annan måte.

Lover

Plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som høyrer innunder byggjesaksavgjerdene)

Byggjesaksforskrifta

Rettleiing

Når du skal føre opp ein ny bustad, må du inngå avtale med eit firma som kan stå som ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet sender søknaden på dine vegner og fungerer som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre prosjektet.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er tatt imot. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne tillating som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker. Dersom denne fristen blir overskriden, vil det totale byggesaksgebyret bli redusert med 25 % for kvar påbegynte veke.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss