Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Buplikt

Beskrivelse

Konsesjonslova regulerer og kontrollerer omsetjinga av fast eigedom. Føremålet er å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og sikre eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket. Dette med tanke på:

  1. framtidige generasjonar sine behov
  2. landbruksnæringa
  3. behovet for utbyggingsgrunn
  4. omsynet til miljøet, almenne naturverninteresser og friluftsinteresser
  5. omsynet til busetjinga.

Erverv frå slekta

Personleg buplikt oppstår ved erverv av landbrukseigedom innan slekta og gjeld bebygd eigedom der fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 dekar, eller eigedomen har meir enn 500 daa produktiv skog. Den lovbestemte buplikta er ein føresetnad for at nokon med odelsrett eller nær slekt kan erverve ein landbrukseigedom konsesjonsfritt. Den som ikkje kan eller vil busetje seg på eigedomen innan eitt år må følgjeleg søkje konsesjon. For å oppfylle buplikta må den nye eigaren bu der i minst fem år.

Anna erverv

Buplikta kan være eit vilkår for å få konsesjon på ein eigedom. Kommunen vil vurdere om buplikta skal vere personleg eller upersonleg.

Kommunar med 0-konsesjonsgrense (buplikt)

I kommunar med nedsatt konsesjonsgrense, kan man overta ein eigedom konsesjonsfritt ved å stadfeste at den skal bli brukt som heilårsbustad. Denne buplikta er upersonleg og kan bli oppfylt ved at eigaren eller nokon andre er folkeregistrert som busett på eigedomen.

Målgruppe

  • Personar som har overtatt ein landbrukseigedom med buplikt.
  • Personar som har søkt konsesjon og får buplikt som eit vilkår for konsesjonen.
  • Personar som har overtatt eigedom i kommunar med nedsatt konsesjonsgrense.

Vilkår

Buplikta blir oppfylt ved at eigaren sjølv bur på eigedomen. Vilkåret om at eigedomen er teken som reell bustad er oppfylt når eigaren er registrert i Folkregisteret som busett på eigedomen. 

Det kan søkjast om endring av buplikta på eit seinare tidspunkt. Kommunen vil då vurdere om det er nye høve som gjer at buplikta blir endra.

Rettleiing

Den som ikkje kan eller vil busetja seg på eigedomen innan eit år må søkje konsesjon. Konsesjonssøknaden skal sendast til den kommunen der eigedomen ligg. Ta kontakt med kommunen for spørsmål.

Søknadsfrist

Søknad om utsettjing eller fritak må sendast innan eit år frå overtakingsdato.

Sakshandsaming

Reglar for sakshandsaming går fram av Forvaltingslova. Kommunen skal førebu og avgjera saka utan ugrunna opphald. I saker som gjeld enkeltvedtak skal det gjevast førebels svar dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no